Vurderer søknader om skjønstilskot

Regionrådet Vest vurderer søknader om skjønstilskot På styremøtet i Regionrådet Vest måndag den 29. februar skal styret i Regionrådet Vest vurdera og prioritera søknader til Fylkesmannen om skjønsmidlar til fornying- og innovasjonsprosjekt i kommunane 2016.

Styremøtet vert halde i Øygarden rådhus.

Styremøtet vert halde i Øygarden rådhus.

Det er kome inn fire søknader frå regionen om skjønsmidlar. Totalt for fylket skal Fylkesmannen fordela 33 millionar kroner. Søknader som er komne inn frå regionen vår er:

  • Vest Ekstrautvikling av modell for frivillig innsats retta mot helse- og omsorgssektoren
  • Velferdsteknologi
  • Felles kompetanseheving av beredskapsarbeid
  • Klimautgreiing i Region Vest

Elles skal regionrådet gå gjennom retningslinjer og vedtekter etter at Askøy kommune har gått ut av regionrådet. *

Det vert informasjon om Gode Sirklar og regionalutvikling om felles samfunnsutvikling, nærings- og reiselivssatsing.

På ymseposten er det sett opp drøfting av vegljos i Fjell, Sund og Øygarden. Fram til utgangen av 2015 har Fjell kommune hatt styreleiarvervet i Regionrådet Vest (toårsperiode).

Vervet går på «rundgang», og frå januar 2016 er øygardsordførar Børge Haugetun leiar av styret. Møtet vert halde i Øygarden rådhus på Rong og tek til klokka 11.30.

Innkalling og dokument 

 

 

 

publisert 23.02.2016