Vurderer samarbeid om strandsone

Sekretariatet i Regionrådet Vest føreslår at dei fire kommunane i region vest gjennomfører ei regional kartlegging saman med nabokommunane.  Det er også innstilt på at det vert utført regionalt felles planarbeid med kommunedelplan næringsareal saman med nabokommunane.

Styret i regionrådet skal drøfta dette på styremøtet på Askøy måndag 21. januar.

Styremøtet vert halde i Askøy rådhus

Dei fire kommunane i regionen er bynære, har lang strandsone og næringslivet etterspør næringsareal.  I dei statlege planretningslinjene er både Askøy, Fjell, Sund og Øygarden plasserte i sone to når det gjeld strandsoneforvaltninga.  Desse områda vert dermed rekna som område der presset på arealet er stort.

Regionrådet er inspirert av det sunnhordlandskommunane arbeider med når det gjeld strandsona og ønskjer å ta lærdom av den prosessen som desse kommunane gjennomfører.

I saksutgreiinga er det lista opp ei rekkje gevinstar med regionalt samarbeid om strandsone og næringsareal. Fells planarbeid kan etablera ein areana fo næringsutvikling og forvaltning av strandsona. Det vert også peika på at kommunane i regionen vil få ein betre og tettare dialog med fylkeskommunen, Fylkesmannen og andre. Eit samarbeid som dette kan også utløysa eksterne tilskot til planarbeidet.

I innstillinga vert føreslått at Fylkesmannen og fylkeskommunen deltek i prosessane både fagleg og økonomisk.  Dersom styret sluttar seg til innstillinga, går saka vidare til avgjerd i den enkelte kommune.

Interkommunalt samarbeid og kommunestruktur

På styremøtet i regionrådet 3. desember vart det vedteke at kommunane i regionen vert inviterte til å ta del i eit moglegheitsstudium/utgreiing av ulike modellar for kommunestruktur. Sekretariatet går inn for at kommunane vert inviterte til å delta i ein søknad til Kommunal- og regionaldepartementet og Fylkesmannen i Hordaland om økonomiske midlar til ei moglegheitsstudium/utgreiing av ulike modellar for kommunestruktur. Også denne saka går vidare til avgjerd i kommunane.

Bygningsvernkonsulent

Det ligg føre ei orienteringssak om oppretting av prosjektstilling som regional bygningsvernkonsulent. Fylkeskommunen har løyvd 300 tusen kroner til dette arbeidet. Fylkesmannen har løyvd 200 tusen kroner, medan kommunane har budsjettert med 10 tusen kroner kvar, totalt 40 tusen kroner. Planen for IKKUS (Interkommunalt kultursamarbeid) er at dette vert eit tre-årig prosjekt. Det er eit avgjerande spørsmål om Fylkesmannen kan lova vidare løyvingar utover det første året. 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Askøy kommune

publisert 14.01.2013