Vurderer ny modell for skjønsmidlar

Regionrådet Vest skal på møtet måndag 10. februar drøfta Fylkesmannen sitt forslag til ny modell for tildeling av skjønsmidlar til omstilling og fornying. Regionråda vil få ei sterkare rolle ved fordelinga av midlane enn tilfellet er i dag.

Assisterande fylkesmann Rune Fjeld orienterte om den nye ordninga då Fylkesmannen møtte kommunane på Sostrand i oktober i fjor.

Ei arbeidsgruppe har vurdert noverande ordning der Fylkesmannen har tildelt slike midlar til einskildkommunar. Ordninga har fungert godt for kommunane i Hordaland. Ein ny prosess for tildeling bør etter arbeidsgruppa si vurdering har ein meirverdi i forhold til i dag.

Arbeidsgruppa legg fram to variantar  for tildeling av skjønsmidlar til omstilling og fornying.

I den eine varianten fungerer regionråda som koordinator og gjev tilråding til fordeling av midlane før Fylkesmannen tek endeleg avgjerd. I den andre varianten har regionråda avgjerdsmynde. Sekretariatet samordnar søknadene og legg saka fram for styret i regionrådet for avgjerd. Det vil likevel vera mogleg for einskildkommunar å søkja Fylkesmannen direkte om støtte.

I 2013 vart det fordelt 17,8 millionar kroner til såkalla prosjektskjøn i Hordaland. Vår region (Askøy, Fjell, Sund og Øygarden) fekk 4,1 millionar kroner. Over halvparten av desse midlane gjekk til samarbeidsprosjekt mellom to eller fleire kommunar.

Det er forslag om at regionrådet sender saka ut til kommunane som gjev uttale til forslaget frå Fylkesmannen.

Andre saker i styremøtet i Regionrådet Vest 10. februar.

  • Saker til Tinget i Vest 7. april
  • Årsrapport for Regionrådet Vest 2013

På møtet vert det gjeve orientering om NAV ved fylkesdirektør i NAV Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes.  

Vertskap for møtet i regionrådet denne gongen er Askøy kommune. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 04.02.2014