Vurderer modellar for kommunestruktur

Styret i Regionrådet Vest inviterer dei fire kommunane i regionen til å søkja om statleg støtte til eit mogleheitsstudium av ulike modellar for kommunestruktur med fordelar og ulemper.
Styret i regionrådet vest hadde møte på Askøy i dag.

 
 

 

Frå møtet i dag. Frå venstre, Anne Grete Hareidem og Per Hillestad frå sekretariatet og styreleiar Ove Trellevik.

Det vert lagt opp til å søkja Kommunal- og regionaldepartementet og Fylkesmannen om støtte til å føreta eit slikt studium. Før det eventuelt vert søkt om støtte til dette, går det sak til kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden for å få tilslutnad til å gå vidare med eit moglegheitsstudium.  

Styreleiar i regionrådet, Ove Trellevik, seier at det i denne omgang ikkje er aktuelt å gjennomføra ei utgreiing av ulike modellar for kommunestruktur.

– Samfunnet er i endringar, og dei store partia sentralt tek til orde for endringar i kommunestrukturen. Til og med kommunalministeren har gjeve signal om dette. Eg trur også det vert endringar, og for vår del handlar det om å ta eit grep om samfunnsutviklinga i regionen på ein god måte. Det kan vi gjera med eit slikt studium, seier Ove Trellevik.

 Vurderer samarbeid om strandsone

Styret føreslår at dei fire kommunane i region vest gjennomfører ei regional kartlegging saman med nabokommunane.  Det er også innstilt på at det vert utført regionalt felles planarbeid med kommunedelplan næringsareal saman med nabokommunane.

Dei fire kommunane i regionen er bynære, har lang strandsone og næringslivet etterspør næringsareal.  I dei statlege planretningslinjene er både Askøy, Fjell, Sund og Øygarden plasserte i sone to når det gjeld strandsoneforvaltninga.  Desse områda vert dermed rekna som område der presset på arealet er stort.

Regionrådet er inspirert av det sunnhordlandskommunane arbeider med når det gjeld strandsona og ønskjer å ta lærdom av den prosessen som desse kommunane gjennomfører.

I saksutgreiinga er det lista opp ei rekkje gevinstar med regionalt samarbeid om strandsone og næringsareal. Fells planarbeid kan etablera ein areana for næringsutvikling og forvaltning av strandsona. Det vert også peika på at kommunane i regionen vil få ein betre og tettare dialog med fylkeskommunen, Fylkesmannen og andre. Eit samarbeid som dette kan også utløysa eksterne tilskot til planarbeidet.

I innstillinga vert føreslått at Fylkesmannen og fylkeskommunen deltek i prosessane både fagleg og økonomisk. Saksbehandlinga går som oppstartmelding til kommunedelplanarbeidet. 

Saka går vidare til avgjerd i den enkelte kommune.

Bygningsvernkonsulent

Det låg føre ei orienteringssak om oppretting av prosjektstilling som regional bygningsvernkonsulent. Fylkeskommunen har løyvd 300 tusen kroner til dette arbeidet. Fylkesmannen har løyvd 200 tusen kroner, medan kommunane har budsjettert med 10 tusen kroner kvar, totalt 40 tusen kroner.

Planen for IKKUS (Interkommunalt kultursamarbeid) er at dette vert eit tre-årig prosjekt. Fylkesmannen har så langt ikkje lova vidare løyvingar utover det første året. Dersom ikkje Fylkesmannen gjev støtte til prosjektet for heile treårsperioden, går styret inn for at kommunane deler restfinansieringa seg imellom for dei to siste åra. Også denne saka går vidare til kommunestyra for endeleg avgjerd.

Søknad om skjønsmidlar

Styret vedtok at det vert søkt om 600 tusen kroner i skjønsmidlar til prosjektet «Betre saman for barna» for 2013. Prosjektet hadde 525 tusen kroner til disposisjon i 2012. Desse midlane har gått til prosjektleiing og ein konferanse i september.

Det vert vidare søkt om totalt 1 050 000 kroner i prosjektmidlar til ulike delprosjekt  i hovudprosjektet «Plan og byggjesak».

Her vert det søkt om støtte følgjande delprosjekt:

  • Strandsonekartlegging           kr. 300 000
  • Næringsareal                        kr. 300 000
  • Fellesportal og byggjesak       kr. 250 000
  • Felles landbrukskontor           kr. 200 000
Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 21.01.2013