Vurderer kommunestruktur

Regionrådet ønskjer å gå vidare med moglegheitsstudiet av framtidig kommunestruktur.

 

Frå styremøtet i Sund i dag.

Både i Askøy og Fjell har kommunestyret slutta seg til at det vert sett i gang eit prosjekt om interkommunalt samarbeid og moglegheitsstudium av ulike modellar for kommunestruktur. Øygarden kommune har vedteke å ikkje vera med i det vidare arbeidet med prosjektet, men vert invitert til å følgja arbeidet som observatør.  I Sund kjem saka opp til politisk behandling om kort tid.

Studiet skal gje best mogleg savar på fordelar og ulemper i dei ulike strukturane. Regionrådet legg opp til at Tinget i vest 8. april drøftar aktuelle kriterium for moglege strukturelle endringar som skal leggjast til grunn i eit studium.

Andre tema på Tinget i vest 8. april vert felles ROS-analyse for kystkommunane vest for Bergen, det kriminalitetsførebyggjande tiltaket Felles Ansvar, og IKT-strategi.

Ønskjer samarbeid om JordmorHeim

Regionrådet sluttar opp om det arbeidet som er utført så langt om felles JordmorHeim-prosjekt mellom kommunane Fjell, Sund og Øygarden. Styret tok ei sak om dette (utarbeidd av Øygarden kommune) til orientering.

Fjell kommune har hatt eit jordmorHeim-tilbod sidan januar 2011. Det ligg no føre ein fagleg rapport der JordmorHeim i vest vert eit interkommunalt samhandlingsprosjekt der nyfødde og barselkvinner får oppfølging av kommunal jordmor innan to dagar etter dei har kome heim frå klinikken.

Totale driftsutgifter er rekna til om lag 1,3 millionar kroner i tillegg til eingongsinvesteringar på om lag 275 tusen kroner. Prosjektet er tenkt finansiert som eit spleiselag mellom fleire aktørar i heile prosjektperioden. Dersom Fylkesmannen og/eller Helse- og omsorgsdepartementet løyver pengar til prosjektet, vert kostnadene for den einskilde kommune redusert.

I rapporten vert det vist til at ein interkommunal barselklinikk kan gje barselkvinner og nyfødde jordmoroppfølging året rundt, også i feriar og ved uventa sjukdom. Barselklinikken vil ha same innhald som eit heimebesøk, men med den skilnaden at familien må ut av huset i staden for heimebesøk. Det er føreslått at klinikken bør lokaliserast på «midten», og styringsgruppa har gått inn for å lokalisera klinikken på Straume og at Fjell kommune vert vertskommune.

IKT-samarbeid

Prosjektleiar Gerhard Inge Storebø og hovudtillitsvald for Fagforbundet i Sund kommune, Hildegunn Høyland, orienterte om arbeidet med «Strategi for regionalt IKT-samarbeid 2013-2016». Staten og KS gjev klare signal om at det må samarbeidast om IKT.

Prosjektleiar Gerhard Inge Storebø orienterte om IKT-strategi.

Det kan verta aktuelt å samarbeida utover dei fire kommunane i region vest. Prioriterte strategiske satsingsområde er tenestesamarbeid, stordrift og synergi, digitalisering og ny teknologi.

Gerhard Inge Storebø understreka at det må utarbeidast ein klar og gjennomtenkt styringsmodell som har brei tilslutnad. Kommunestyra skal godkjenna rammene for samarbeidet. Regionrådet ser til at grunnlaget for vedtaka er tilfredsstillande, medan rådmannsgruppa arbeider for at rammene for samarbeidet vert vidast mogleg og at målet for samarbeidet vert følgd opp.

Det er føreslått at det vert oppretta eit felles IKT-råd (fagleg arbeidsgruppa) som skal arbeida for å skapa eit godt klima for IKT-samarbeid mellom fagfolk på tvers av kommunegrensene. Dette rådet skal ha to representantar frå kvar av dei fire kommunane.

Regionrådet tilrår at kommunane godkjenner framlegget til «Strategi for regionalt IKT-samarbeid 2013-2016».

Strategisk næringsplan for region vest

Styret slutta seg til «Handlingsplan for næring i region vest». Prioriterte tiltak i regionen er transport og kommunikasjon, nye næringsareal, urbanisering (Sotra Kystby/Kleppestø), marin næring og etablering av Senter for maritimt og offshore drift og vedlikehald. Andre prioriterte tiltak er å sikra Naturgassparken Vest som ressurs for offshore-service, styrking av ingeniørutdanning og rekruttering av ingeniørar, praksisnær utdanning, marknadsføring/profilering og handelssektoren/bygg og anlegg.

Det vert teke sikte på at planen vert presentert i kommunestyret i dei fire samarbeidskommunane.

Meldingar

Det låg føre årsrapport for Regionrådet Vest og IKKUS (InterKommunalt KulturSamarbeid). IKKUS fekk ros for sitt kultursamarbeid på tvers av kommunegrensene.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 18.03.2013