Vurderer felles tomteselskap

Regionrådet Vest skal på møtet måndag 13. desember drøfta om det skal setjast i gang utgreiing av felles tomteselskap i Region Vest. Eit felles tomteselskap for kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden vil truleg vera det første felles kommunale tomteselskapet med så mange eigarar.

Denne gongen vert styremøtet i Fjell rådhus

Etterspurnaden etter bustadtomter og næringstomter er stort i området nær Bergen og vil truleg auka utover i dei andre kommunane etter kvart. I eit notat til møtet er det skissert fleire moglege samarbeidsmodellar og aktuelle selskapsformer. Styret skal ta stilling til om det er aktuelt å gå vidare med dette arbeidet. Det er tilrådd at arbeidet vert gjort av ei arbeidsgruppe med juridisk kompetanse og kompetanse på plan- og utbygging.

Andre saker

Styret skal drøfta næringssamarbeidet i regionen. Gode Sirklar, som er eit næringsutviklingsselskap for Fjell, Sund og Øygarden, er aktuell å nytta som eit felles verktøy. I tillegg vert næringssjefen i Askøy kommune trekt med i dette arbeidet.

Det er vidare aktuelt å få gjennomført ein analyse av korleis kommunane i regionen kan ha gjensidig nytte av kvarandre sine tenester (komparativ fordel). Denne saka kan verta sett i samanheng med Agenda AS sin rapport om «Regional utvikling og tenesteproduksjon».

Regionrådstyret skal drøfta prosjektet «Felles Ansvar» som handlar om felles kriminalitetsførebyggjande tiltak i dei fire kommunane i regionen. Ei skisse for oppfølging vert lagt fram i møtet.

På styremøtet i august gjekk regionrådet inn for å etablera «Tinget i Vest». På måndag skal styret førebu det første tingmøtet. Det første møtet vert etter planen gjennomført i januar/februar.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto : Lasse Bolstad

publisert 09.12.2010