Vurderer å oppretta «Tinget i Vest»

Regionrådet Vest skal på styremøtet komande måndag 30.08 ta stilling til eit forslag om å oppretta eit nytt organ i regionsamarbeidet. Det ligg føre forslag om å oppretta «Tinget i Vest» som vert samansett av formannskapa i dei fire samarbeidskommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Tinget skal ha møte to gonger i året og drøfta utviklingssaker og tema for regionen.

Styremøtet vert denne gongen i Øygarden

Tinget i Vest skal vera ein politisk verkstad og møteplass, og det vert ikkje avrøystingar og avgjerder i dette organet. Regionrådet er «formannskap» til Tinget og avgjer kva saker som skal takast opp i tinget.

IKT-samarbeid
Etter drøfting i rådmannsgruppa i regionrådet, ligg det føre forslag om å etablera eit forpliktande IKT-samarbeid i regionen. Perioden fram til januar 2013 er tenkt som ein interimsfase der kursen og premissane for samarbeidet vert lagt.

Strategisk næringsplan
Elles skal styret drøfta strategisk næringsplan for bergensregionen 2010-2014. Planen er utarbeidd av Business Region Bergen (BRB), og kommunane skal også kvar for seg gje uttale til planen.

Evaluering av Gode Sirklar
Styret skal vidare evaluera Agderforskning sin rapport om næringsutviklingsselskapet Gode Sirklar. Rådmannsgruppa i regionrådet har allereie drøfta rapporten og har konkludert med at drifta av selskapet bør halda fram. Ein viktig del av drøftinga er korleis selskapet skal sikrast eit langsiktig kapitalbehov.

Andre saker
I regionstyret skal ein også ta stilling til eit prosjektforslag til kartprogramvare og etablering av eit eige underutval som skal drøfta og førebu saker til Samarbeidsutvalet for bergensregionen. Utvalet skal sikra eit godt samarbeid mellom kommunane og spesialisthelsetenesta.

I neste veke vert ei eiga nettside for regionrådet publisert.

Tekst: Vigleik Brekke

publisert 26.08.2010