Vil starta etablerarteneste

Business Region Bergen, BRB, tek sikte på å få på plass ei etablerarteneste retta mot aktørar som ønskjer å etablera næringsverksemd.

Adm. dir. i BRB, Ole Hope

Dette kom fram på styremøtet i Regionrådet Vest i Fjell i dag. Den nytilsette administrerande direktøren i BRB, Ole Hope, orienterte om planane.

– Ei etablerartenesta er eit verktøy som vi relativt raskt kan få på plass. Vi må levera no slik at eigarane i BRB opplever ein meirverdi utover det det kostar å  ha oss. Det er viktig at eigarane, til dømes på eigarmøtet i desember, gjev oss melding om vi er på rett veg, sa Ole Hope (biletet) i dag.

Ifølgje Hope skal BRB vera ei drivkraft for kompetansebasert næringsutvikling i regionen. Han viste til tre prioriterte arbeidsområde for BRB. Det er å hjelpa til å få ein næringsvennleg offentleg sektor, marknadsføring og internasjonalisering. Han viste til at det har vore møte med utviklingsselskapet Gode Sirklar. Ifølgje Hope fekk ein der tydeleggjera arbeidsfordelinga og at BRB kan vera eit supplement til Gode Sirklar.

I samtalen vart det understreka at det er viktig å ha god kontakt med både Gode Sirklar, næringssjefen i Askøy og næringslivsorganisasjonane og at ein unngår unødvendig konkurranse mellom kommunane. Hope fekk støtte for at det er eit behov for ei etablerartenesta som kan vera ei andrelinjeteneste som kundetorget/servicetorget i kommunane kan visa til.

Orientering om lokalmedisinsk senter

Spesialrådgjevar Svein Fjelland (biletet) presenterte planane om nytt lokalmedisinsk senter (LMS) på Straume i Fjell.

Plan- og byggjeprosessen for senteret er organisert etter vertskommunemodellen der Fjell er vertskommune og

Spesialrådgjevar Svein Fjelland

 dermed byggherre og låntakar for senteret. Prosjektet er planlagt realisert i samarbeid med Helse Bergen og nabokommunane i region vest (Askøy, Sund og Øygarden) og leia av ei prosjektgruppe.
                                                                            
Førebels skisse viser at senteret vert på om lag åtte tusen kvadratmeter (bruttoareal) fordelt på fire etasjar. I tillegg kjem mellom anna parkeringsplassar og kjellar. Det er venta at eit skisseprosjekt frå arkitekten er på plass i november 2013. Då vil det liggja føre sannsynleg investeringskostnad og årleg driftskostnad.

Det er venta at det samla investeringstilskotet frå Husbanken til senteret tenkt finansiert med låneopptak og eigenkapital. Fjell kommune vil som vertskommune både ta opp lån og stilla med 100 millionar kroner i eigenkapital. Eigenkapitalen er knytt opp til sal av ei tomt på Ågotnes.

I samtalen vart det mellom anna stilt spørsmål om kva konsekvensar det vil få at Helse Bergen mellom anna har gjeve melding om reduksjon i tilskotet til palliativ avdeling på Askøy med verknad frå fjerde kvartal 2014. Når det gjeld kva tilbod som skal gjevast på det nye senteret, vart det mellom anna stilt spørsmål om frisklivs- og meistringssenteret. Det vart også samtalt og stilt spørsmål om samarbeid om rusomsorg og JordmorHeim.

Framtidige transportkorridorar/Tinget i vest

På neste møte i Tinget i Vest står framtidige transportkorridorar på dagsorden. Det vert lagt opp til at dei fire ordførarane i regionen har kvar si innleiing før gjesteførelesarane slepp til.

Dei eksterne gjestene som er inviterte til å koma med innlegg på Tinget i Vest er Magnus Stangeland, byråd i Bergen Filip Rygg, sjefsingeniør i Statens vegvesen, Magnus Natås og styreleiar  eller dagleg leiar i Sambandet Vest.  Stabsleiar Gerhard Inge Storebø gjev ei løypemelding om dei to arealprosjekta; næringsareal og strandsone.

Møtet i Tinget i Vest vert måndag 14. oktober på Panorama Konferansehotell, Sund.

Skifte av styreleiar

Vervet som styreleiar i Regionrådet Vest går på rundgang mellom dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Ove Trellevik (ordførar i Sund) har vore styreleiar sidan januar 2012. Han er no vald inn som representant på Stortinget. På Tinget i Vest i oktober vert det  markert at ordførar i Fjell, Eli Årdal Berland, tek over som styreleiar for neste toårsperiode. 

Stig Ryland

På møtet i dag vart også kommunikasjons- og næringssjef i Askøy kommune, Stig Ryland, presentert.
 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 16.09.2013