Vil samarbeida om rustiltak på Askøy

Askøy kan få ei medisinsk høgt kompetent avgiftningseining.  På ein samhandlingskonferanse i regi av    

Ola Jøsendal

Regionrådet Vest i Sund på onsdag (31.05.), lufta direktør for avdeling for rusmedisin i Helse Bergen, Ola Jøsendal, tanken om å etablera ei avgiftningseining som eit samhandlingsprosjekt.    

I vinter vart det klart at Askøy Blå Kors Klinikk ikkje fekk fornya driftsavtale med Helse Vest. Men vidare drift vart sikra då Helse Bergen i februar inngjekk avtale med Blå Kors Vest om å overta behandlingsklinikken. Og det er i dette området det er aktuelt å realisera det nye rustiltaket.   

Rus/psykiatri er eit svært aktuelt område kommunane og helseføretaka kan samhandla om.    

 – I eit slikt samhandlingsprosjekt om avrusing kan kommunesektoren etablera tilrettelagte bustader og institusjonar i området. Her er det pasienten sin tilstand og tenestetilbodet som avgjer status til pasienten og ansvarsfordelinga mellom første- og andrelinjetenesta. På denne måten vil pasienten ha same seng, uansett lovverk og eigar, seier Ola Jøsendal.    

Kommunane overtek oppgåver

Det var Regionrådet Vest som inviterte til samhandlingskonferanse i Sund. Rundt 125 deltakarar var på plass i gode    

Stener Kvinnsland

lokale i Panorama konferansehotell.     Helse Bergen har eit årsbudsjett på 8,4 milliardar kroner i året.  Administrerande direktør i Helse Bergen, Stener Kvinnsland, sa at det er ei kollosalt stor forventning til helsetenestene.  Samhandlingsreforma gjev ikkje friske pengar, men nye betalingsordningar, og direktøren sa at han var uroa over det praktiske knytt til transaksjonane.    

 – Samhandlinsreforma innebér at spesialisthelsetenesta skal «spissa» tilbodet, og kommunane overtek oppgåver. Vi skal gje brukarane eit betre tilbod ved å forskyva oppgåver. Kommunane held fram primærhelsetenesta i ekspandert form, sa Kvinnsland.    

Mange samhandlingsprosjekt i regionen

I løpet av konferansedagen i Sund vart det presentert ei rekkje samhandlingsprosjekt som er i full drift og som er under planlegging. Eitt av dei nye prosjekta som vert realisert neste år, er smertelindrande behandling (palliativ behandling) lokalisert på Kleppestø på Askøy. Dette er eit som rettar seg mot pasientar med ulækjeleg sjukdom og kort forventa levetid. Dei fleste med behov for lindrande behandling har ein   

Panelsamtale. Frå venstre: Ordførar i Sund, Ove Bernt Trellevik, ordførar i Askøy, Knut Hanselmann, ordførar i Øygarden, Olav Martin Vik, leiar i komité for drift i Fjell, Vidar Arnesen og administrerande direktør i Helse Bergen, Stener Kvinnsland

  kreftdiagnose. Drifta av ei eining med fire sengeplassar er rekna til å kosta om lag 6,3 millionar kroner pr. år.  

 Samhandlingskonferansen vart avslutta med panelsamtale.   

Her kan du lesa presentasjonane frå samhandlingskonferansen:

Velkomsthelsing v/ styreleiar i Regionrådet Vest, Olav Martin Vik

Utfordringsbiletet og framtida si kommunerolle v/ dagleg leiar i KS Hordaland Astrid Toft    

Utfordringar og muligheiter i samhandling med kommunane sett frå Helse Bergen/Den typiske samhandlingspasienten v/ administrerande direktør i Helse Bergen Kvinnsland

   

Rus og psykiatri – utfordringar sett frå kommunane – korleis løyse utfordringar  innan feltet –  åleine eller saman?  v/ fagansvarleg    sosialtenesta NAV Sund, Line Glesnes, og fagleiar psykiatritenesta Monica Førde Landro, Sund kommune 

Rus og psykiatri – utfordringar sett frå Helse Bergen- korleis løyse dei store utfordringar innan feltet – åleine eller saman, v/ leiar Ola Jøsendal 

God åleine, men på nokre område er vi Betre saman. Status for pågåande og fratidige samhandlingsprosjekt, v/ spesialrådgjevar Svein Fjelland  

Betre saman for barna – regionssamarbeid barnevern v/ rådmann i Øygarden, Torgeir Sæter  Lindrande eining lokalisert til Askøy v/ fagsjef for open omsorg i Askøy, Anne Kjersti Drange 

 
Kva er eit lokal lærings- og meistringssenter? Status frå arbeidsgruppa v/ rådgjevar i Sund, Anne-Grete Hareide 
 
Ny lov om folkehelse – røynsler frå Kvarm herad, v/ folkehelsekoordinator Reidun B Kjosaas  
 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 03.06.2011