Vil samarbeida med fylket om kunnskapsklynge og kollektivtrafikk

Regionrådet Vest ønskjer å samarbeida med Hordaland fylkeskommune om kunnskapsklynge i Nye Øygarden kommune og kollektivtrafikk.

Sigmuns Kvernes og Tone Merethe Aasen

Sigmund Kvernes og Tone Merethe Aasen

Dette kom klart fram då styret i regionrådet var samla til møte i Sund i går. Sigmund Kvernes i Gode Sirklar og Tone-Merethe Aasen i SINTEF orienterte om eit prosjektforslag som skal gje eit breitt og mangfaldig utdanningsløp i samhandling med alle utdanningsnivå, offentleg sektor og forskingsmiljø. Tanken er at Straume skal verta eit attraktivt regionsenter som trekkjer til seg ungdom som vil utdanna seg.

Prosjektet har ei kostnadsramme på 5,8 millionar kroner for perioden 2017-2019. I prosjektskildringa er det føreslått å oppretta ei styringsgruppe samansett av kommunalsjefane Jon Erik Egeland (Sund) og Rune Landro (Øygarden) i tillegg til skulesjef Wilhelm Anglevik i Fjell.

I drøftinga kom det klart til uttrykk at det må sikrast eit godt samarbeid med Hordaland fylkeskommune ettersom det er fylket som har ansvar for vidaregåande opplæring. Regionrådet tek difor initiativ til eit møte med fylket med sikte på samarbeid om prosjektet.

Samlande kollektivprosjekt

Styret drøfta også om det kan gjennomførast eit samlande kollektivprosjekt for Nye Øygarden kommune. Som grunnlag for drøftinga låg det føre eit notat om dette med vekt på bestillingstransport.

Både Sund, Fjell og Øygarden har etablert kommunale transporttilbod som eit supplement til dei fylkeskommunale bussrutene. I notatet går det fram at fylket i liten grad har vore engasjert i bestillingstransport. Fylket førebur no ny anbodsrunde for kollektivtransport med driftsstart i juni 2019. Det kan verta aktuelt å samarbeida med fylkeskommunen for å utgreia transportbehovet i den nye storkommunen.

Styret konkluderte med at regionrådet ber om eit møte med leiinga i fylkeskommunen og gjerne kombinerer dette med møtet om kunnskapsklynga. Regionrådet ser for seg at dette kan vera eit pilotprosjekt.

Fotballakademi

Tidlegare elitespelar i fotball, Tommy Knarvik, orienterte om fotballakademiet i regi av Sotra Sportsklubb. Knarvik er i dag engasjert som sportsleg leiar (50 prosent) og trenar (50 prosent) i klubben.

 

Tommy Knarvik

Tommy Knarvik

Fotballakademiet er eit spissa tilbod for unge fotballspelarar (jenter og gutar) i alderen 10 til 15 år. Målet for klubben er å verta mellom dei beste klubbane i Hordaland når det gjeld spelarutvikling. Tilbodet inneheld mellom anna transport frå skule til arenaen på Straume, lunsj før trening, analyse og individuelle tilpassingar for kvar spelar og vekt på haldningar, verdiar, kosthand og skadeførebygging. Tilbodet gjeld tre dagar i veka etter skuletid mellom klokka 15.00 og 16.30.

Klubben er interessert i samarbeid med kommunane, mellom anna når det gjeld finansiering. Eventuell støtte til akademiet vil skje frå den enkelte kommune i regionen.

Andre orienteringar

  • Gode Sirklar
    Styreleiar Tom Georg Indrevik orienterte om økonomien for selskapet. Ambisjonane og aktivitetane er større enn inntektsgrunnlaget. Det vart konkludert med at det vert invitert til eit eigarmøte som eventuelt kan be om at det vert lagt fram ei sak til behandling i kommunestyra.
  • Endringar i ekteskapslova
    Med verknad frå 1. januar 2018 vert vigselsmyndigheita overført til ordførarar, varaordførarar, kommunalt tilsette eller folkevalde som kommunestyret gjev slik myndigheit. Fjell kommune er i gang med å utarbeida sak om dette, og dei to andre kommunane følgjer også opp korleis den nye ordninga skal praktiserast.
  • Støtte til infrastruktur
    Dei tre kommunane i regionen (Sund, Fjell og Øygarden) er tildelt fire millionar kroner frå staten til «infrastrukturelle tiltak». Kommunane kan sjølv prioritera bruken av midlane.Neste styremøte i Regionrådet Vest vert den 27. november.
Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 22.08.2017