Vil realisera prosjekt om kunnskapsby

Regionrådet Vest konkluderte på møtet i dag med at prosjektet «Framtidas kunnskapsby i Nye Øygarden kommune» skal vidareførst. I tillegg skal det utarbeidast eit notat som skisserer aktuelle lokaliseringar av ein nye vidaregåande skule i Straume-området.

Frå møtet i regionrådet på måndag.

Frå møtet i regionrådet på måndag.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Prosjektet som har ei ramme på om lag 5,8 millionar kroner (inklusive 2017), er tenkt finansiert som eit spleiselag. Mellom anna vert det søkt om midlar til samfunnsutvikling utlyst av fylkeskommunen (1,65 millionar kroner). Andre finansieringskjelder er mellom anna bidrag frå kommunane og eigeninnsats. Det er også aktuelt å søkja om Erasmus+-midlar i regi av EU og midlar frå SIU (Senter for internasjonalisering av utdanning).

Før regionrådet behandla saka, vart prosjektet presentert v/ prosjektleiar Tone Merethe Aasen (SINTEF). Tanken er at Straume skal verta eit attraktivt regionsenter som trekkjer til seg ungdom som vil utdanna seg. Det skal arbeidast med å få etablert ein ny vidaregåande skule i kombinasjon med høgskuleutdanning til erstatning for noverande skule på Bildøyna.

I presentasjonen av saka viste Aasen til tre hovudområde det vert arbeidd med. Det er utdanningsløpet i samhandling mellom alle utdanningsnivåa, relevant etter- og vidareutdanning og ein attraktiv vidaregåande skule. For å nå måla om ei kunnskapsklunge, vert det gjennomført eit samarbeid mellom kommunane (Sund, Fjell og Øygarden), Hordaland fylkeskommune, utdanningsinstitusjonar, forskingspartnarar og aktørar i privat og offentleg sektor.

Fylkeskommunen vert involvert i prosjektet

På møtet i Regionrådet Vest i dag var det også representantar frå Gode Sirklar og fylkeskommunen, mellom anna fylkesvaraordførar Pål Kårbø. Fylkesvaraordføraren understreka at fylkeskommunen er positiv til prosjektet, men minna om at ein bør styra unna å la dette prosjektet hamna på «sida av» prosessen med å realisera ein ny vidaregåande skule i Straume-området. Han sa også at jo raskare ein kan landa på lokalisering av skulen, desto betre er det. I fylkeskommunen sine planar er ny vidaregåande skule i Straume-området rekna å vera klar til bruk i 2024/2025.

Regionrådet Vest er prosjekteigar. Styringsgruppa er samansett av regionleiar i opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune Sissel Øverdal og kommunalsjefane Jon Erik Egeland (Sund) og Rune Landro (Øygarden) i tillegg til skulesjef Wilhelm Anglevik i Fjell. Det vert også sett ned ei prosjektgruppe og ressursgruppe. Det vert teke sikte på å starta opp prosjektet i januar/februar 2018 og fullføra det i mai/juni 2019.
Leiar i Regionrådet Vest, Børge Haugetun, understreka at det er fylkeskommunen som har ansvar for vidaregåande skular og at fylket må vera kopla på også gjennom dette prosjektet. På møtet i dag var det altså semje om å vidareføra prosjektet og få på bordet eit notat som skisserer lokaliseringsalternativ for ein ny vidaregåande skule i Straume-området.

Tone Merethe Aasen

Tone Merethe Aasen

 

Moglegheitsstudie om sjømatnæringa

Dagleg leiar i Gode Sirklar, Sigmund Kvernes, presenterte eit forslag til moglegheitsstudie om sjømatnæringa. Formålet med dette er å få fram eit kunnskaps- og faktabasert grunnlag for moglegheiter og utfordringar for sjømatnæringa og spesielt havbruksnæringa i regionen vår. Studien skal mellom anna gje ei vurdering av kva andre relevante aktørar (til dømes klyngene GCE Subsea og NCE Seafood) kan bety for næringa. Studien skal gjera greie for utfordringar som næringa må møta med løysingar som gjer næringa berekraftig med omsyn til ressursgrunnlag, økonomi og miljø. Ifølgje Kvernes skal studien ha ei nøktern økonomisk ramme og byggja på etablerte fakta.

Mattilsynet har presentert eit oversyn som viser at vårt område er i raud kategori/sone når det gjeld omfanget av registrert lakselus. Raud kategori inneber at det er registrert selskap som har mange tilfelle av rapporteringar med meir enn 0,5 kjønsmodne holus per fisk. Dette er noko av bakgrunnen for å gjennomføra moglegheitsstudien.

Kvernes meiner sjømatnæringa i region vest har eit solid utgangspunkt.

– Hordaland har sterke utdannings- og forskingsmiljø innan marine fagområde som bidrar, og vil bidra enno meir, til rekruttering, innovasjon og næringsutvikling innan sjømatnæringa, sa Kvernes.

Regionrådet gav grønt lys for at det vert arbeidd vidare med moglegheitsstudien og at ein kjem tilbake med prosjektforslag. Studien kan eventuelt gjerast i samråd med fylkeskommunen.

Leiar i rådet, ordførar i Øygarden, Børge Haugetun.

Leiar i rådet, ordførar i Øygarden, Børge Haugetun.

Rehabilitering først

Assisterande rådmann og kommunalsjef for helse og omsorg i Øygarden kommune, Åse Vik, orienterete om prosjektet «Rehabilitering først». Dette er eit fellesprosjekt for dei tre kommunane i regionen. I mandatet for prosjektet vert det mellom anna stilt spørsmål om kva måte og korleis tilbod om døgnrehabilitering, dagrehabilitering og frisklivsarbeid kan utviklast i lys av sentrale og lokale føringar i det lokalmedisinske senteret (LMS) på Straume. I mandatet heiter det også at prosjektet skal vera innovativt, utviklingsorientert og nyskapande sett i lys av ny kunnskap, framtidige behov, demografi, strukturell og økonomisk utvikling.
«Rehabilitering først» betyr at det alltid skal leggjast vekt på kva som er viktig for den enkelte, og kva som skal til for at vedkomande sjølv kan ta vare på eiga helse. Mesteparten av rehabiliteringa skal handterast i kommunane. I det lokalmedisinske senteret det lagt til rette for rehabilitering i form av 10 dagplassar, 10 døgnplassar og frisklivs- og meistringssenter.

Frå møtet i regionrådet på måndag.

Frå møtet i regionrådet på måndag.

 

Møteplan

Regionrådet godkjende det framlagte forslaget til møteplan for 2018 med eí endring. Møtet i februar vert flytta frå 12. til 19. februar. Møta i regionrådet neste år vert dermed fastsett til 19. februar, 28. mai, 17. september og 26. november.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 28.11.2017