Vil ha ferje mellom Hanøytangen og Ågotnes

Forretningsmann og tidlegare stortingsrepresentant, Magnus Stangeland, slo eit nytt slag for ferjesamband mellom Hanøytangen på Askøy og Ågotnes i Fjell då han snakka til Tinget i Vest på Panorama konferansehotell i Sund i dag. 

Magnus Stangeland

– Rundt Hjeltefjorden har vi det fremste av teknologisk utviklingspotensiale for offshore, subsea og oppdrettsnæringa. Difor må vi ha eit godt samband mellom Hanøytangen og Ågotnes. Vi må gjerne har passasjerbåt, men helst treng vi ferje som også kan frakta gods, sa Stangeland til deltakarane på Tinget i vest i dag. Tinget er samansett av formannskapa i kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. 

Stangeland var kritisk til ein del av det som skjer i Bergen. Bergen byggjer ned strandlinja og gløymer at det er næringslivet som byggjer Bergen. Han viste til at næringslivet flyttar ut til nabokommunane. Han ønskjer at det vert eit oppgjer mellom strilane og Bergen der målet må vera kva som tener best for heile regionen. 

Ytre strilaveg

– No må vi tenkja nytt, og Bergen må lytta til kva me strilar meiner om dette. Den store ringen må fungera, og difor treng vi ein ytre stilaveg, sa Stangenland og tenkte på Tverrsambandet som skal binda saman region vest og Nordhordland. 

Stangeland støtta også opp om dei andre aktuelle vegprosjekta som Askøypakken, Sotrasambandet, nytt samband mellom den søre delen av Sotra og fastlandet og ferjesamband mellom Austefjorden og Sund. 

– Når vi få på plass ei B-ferje mellom Krokeide og Hufthamar, kan den ferja også ta nokre turar til Austefjorden, sa Stangeland. 

Informasjon frå ordførarane

Ordførarane i dei fire samarbeidskommunane i region vest orienterte om aktuelle vegprosjekt i sine respektive kommunar. 

Siv Høgtun

Askøy-ordførar Siv Høgtun viste til at prognosen for trafikkveksten over Askøybrua viser ein auke frå 17 tusen bilar i 2009 til 32 tusen i 2030. Askøypakken med 10 ulike vegprosjekt til 1,3 milliardar kroner passerte statsråd for 14 dagar sidan og kan verta vedteken av Stortinget i løpet av hausten. Kommunen har forskottert tre av prosjekta, og desseprosjekta er i gang. Høgtun understreka også behovet for ein gullveg rundt Bergen, Tverrsambandet, og sa at kommunane kan få mykje til i samarbeid. 

Otto Harkestad, ordførar i Øygarden, tok for seg situasjonen i sin kommune og sa at det er bra veg frå den søre delen fram til Stura. Dei siste 10 kilometrane fram til Hellesøy har ein standard frå 70-talet. Reguleringsplanen for denne strekninga er vedteken, og det er klart for detaljprosjektering. Utfordringa her er finansiering. Han viste også til at hovudvegen i Øygarden må utbetrast ved brua i Blomvåg. 

Harkestad kommenterte også Tverrsambandet. 

Otto Harkestad

– Dette er ein flott visjon, men eg stiller med tvilande til at det er mogleg å få til eit ferjesamband mellom den nordre delen av Askøy og Ljøsnesbukta eller ein annan stad i Øygarden. Stangeland sin visjon lenger sør i Hjeltefjorden har meir for seg, sa Harkestad. 

Fungerande ordførar i Sund, Nils Kåre Skoge, orienterte om etterlengta prosjekt som fastlandssamband for Lerøy og Bjelkarøy og utbetring av vegen ved Krossleitet i Fjell. 

Nils Kåre Skoge

Han viste til at det går 14 trailerar dagleg mellom Skaganeset og Porsvika i Sund og kontinentet. Han oppsummerte behova for Sund til å vera nytt sotrasamband, ny veg mellom Kolltveit og Austefjorden, tilførselsveg til Skaganeset og Porsvika, fastlandssamband Lerøy/Bjelkarvik og fastlandssamband mellom Klokkarvik og Hjellestad. 

Fjell-ordførar Eli Årdal Berland orienterte om status for nytt sotrasamband. Prosjektet har fått plass i Nasjonal transportplan. Det er vedteke å starta opp arbeidet med 

Eli Årdal Berland

reguleringsplan for vegprosjekta mellom Kollveit og Ågotnes og Kolltveit og Austefjorden. Ho sette vegprosjekta i samanheng med det som elles skjer i kommunen. 

– For å redusera pendlinga, må det blir meir attraktivt å både bu og arbeida i Fjell, sa Årdal Berland.

Bergen om vegprosjekt

Byråd i Bergen, Filip Rygg, orienterte om ulike vegprosjekt i bergensregionen og nemnde prosjekt som ny veg mellom

Filip Rygg

Os og Bergen, Nordhordlandspakken, Askøypakken,  Sotrasambandet og Kyststamvegen.

– Sotrasambandet er noko av det beste vi har når det gjeld kollektivprofil og er det mest berekraftige av prosjekta mot Bergen. Bergen kommune har ikkje konkludert om bybane til Sotra. Her vil vi lytta til kommunane vest, sa Rygg og stilte spørsmålet om korleis ein kan knyta byutviklingsprosjektet på Straume/Sotra Kystby med transportpolitikken?

Prosjekt i regi av regionrådet

Prosjektleiar i Regionrådet Vest, Gerhard Inge Storebø, orienterte om prosjekta for plan- og byggjesak, næringsareal

Gerhard Inge Storebø

og strandsone og felles portal for plan og byggjesak.

Det vert også utgreidd om det skal etablerast felles landsbrukskontor for regionen med Fjell kommune som vertskommune. Storebø gav honnør til kommunane som har samla seg om desse prosjekta.

Prosjektleiar for Sotrasambandet, Magnus Natås, orienterte om Sotrasambandet. Les meir her (lenkje).

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 14.10.2013