Vil gjerne ha Språkrådet til Straume

Regionrådet Vest meiner at det er gode grunnar til at Språkrådet vert lokalisert i region vest. I dag sender dei brev til regjeringa og kommunal- og forvaltningskomitéen der det vert peika på at Straume er ei god lokalisering for dette statlege kontoret.

Velkomen til region vest og Straume, sa dei tre ordførarane då dei var samla på Fjell folkeboksamling i dag. Frå Venstre; Mrianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Børge Haugetun (Øygarden) og Kari-Anne Landro (Sund).

– Velkomen til region vest og Straume, sa dei tre ordførarane då dei var samla på Fjell folkeboksamling i dag. Frå Venstre; Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Børge Haugetun (Øygarden) og Kari-Anne Landro (Sund).

 

Regjeringa har lagt fram ei melding til Stortinget om politikk for utvikling i byar og distrikt, og plan for lokalisering av statlege arbeidsplasser «Berekraftige byar og sterke distrikt».

– Nynorsk er godt forankra i landkommunane våre, og vi arbeider for at nynorsk ikkje skal tapa terreng. I dette arbeidet vil det vera godt å få Språkrådet til Straume, seier ordførar i Øygarden, Børge Haugetun. Han er også leiar i styret for Regionrådet Vest.

Språkrådet held til i Oslo og har 34 tilsette og er eitt av fleire statlege kontor regjeringa vurderer å flytta ut av hovudstaden.  Bergen kommune har alliert seg med universitet og høgskule og ønskjer at Språkrådet vert lokalisert i Bergen.

Men ordførarane i regionen vår vil gjerne ha Språkrådet til nye Øygarden kommune.

– I intensjonsavtalen for den nye kommunen går det fram at språk er viktig og at vi skal vera eit fyrtårn. Vi må våga å gjera oss attraktive når det gjeld arbeidsplassar, seier Sund-ordførar Kari-Anne Landro.

Nærleik til høgskule- og universitetsmiljø

I brevet til regjeringa og stortingskomitéen skriv ordførarane at det er avgjerande for Språkrådet å ha nærleik til høgskule- og universitetsmiljø. Ei lokalisering på Straume vil sikra kort avstand til dette miljøet. Køyretida med bil og buss mellom Straume og Bergen sentrum er 15 minutt. Med nytt sotrasamband frå 2024 vil reisetida verta endå kortare. Køyretida mellom Straume og Bergen lufthavn Flesland er rekna til 30 minutt. Det er svært god parkeringskapasitét på Straume.

Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy er oppteken av at dette kan gje spennande arbeidsplassar til regionen.

– I desse nedgangstidene er det viktig å sikra eit godt tilbod på nye arbeidsplassar. Slike arbeidsplasser det er tale om her, kan verta eit godt supplement til olje- og gassrelaterte arbeidsplassar, seier Sandahl Bjorøy.

Lokalt arbeid med språk

I brevet viser ordførarane til at det vert arbeidd godt med språk i kommunane. I intensjonsavtalen for den nye kommunen er det slått fast at administrasjonsmålet skal vera nynorsk. Det er likevel ingen tvil om at dei tre kommunane, særleg Fjell, opplever eit sterkt språkpress og at fleire elevar enn tidlegare vel bokmål som hovudmål i grunnskulen.

– Vi ser ikkje på dette som eit trugsmål, men som ei utfordring. I kommunane er det eit kontinuerleg arbeid med språk, står det i brevet.

Her skriv ordførarane under på brevet.

Her skriv ordførarane under på brevet.

 

I samarbeid med Universitetet i Bergen (Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier) og med tilskot frå Kulturdepartementet vert det gjennomført eit språkprosjekt der vi kartlegg årsakene til målbyte i grunnskulen og kva tiltak vi kan setja i verk for å få fleire elevar til å halda fast på nynorsk som hovudmål. Det vert teke sikte på at dette prosjektet skal utvikla seg til eit forskingsprosjekt i samarbeid med universitetet. Kommunane har faste tilbod om språkkurs for tilsette. For tida vert det gjennomført eit prosjekt knytt til stadnamn og skilting.

– Målet for regional- og distriktspolitikken til regjeringa er regional balanse gjennom vekstkraft, likeverdige levekår og berekraftige regionar i heile landet. Ei lokalisering av Språkrådet i regionen vår vil samsvara godt med dette målet, skriv ordførarane i brevet.

Her kan du lesa heile brevet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

 

publisert 03.04.2017