Vil framleis ha lensmannskontor på Straume

Styret for Regionrådet Vest vil framleis ha lensmannskontor lokalisert på Straume i Fjell. På styremøtet i dag vart det vedteke å senda eit brev til Vest politidistrikt om nærpolitireforma.

Lensmannskontoret på Straume

Lensmannskontoret på Straume

Stortinget vedtok i juni 2015 endringar i politilova (tryggleik i kvardagen,  nærpolitireforma).  I samband med oppfølginga av vedtaket  peikar ordførarane i brevet til Vest politidistrikt på behovet for eit lensmannskontor lokalisert på Straume slik det er i dag og at dette vert oppretthalde når ny reform skal gjennomførast.

Politidistriktet har fått i oppdrag å utarbeide forslag til endringar i politidistrikta si lokale organisering (politistasjonar og lensmannskontor). Politiet på Sotra, Askøy og Øygarden har lensmannskontor både på Juvikflaten på Askøy og Straume i Fjell. Fjell, Sund og Øygarden har gjort vedtak om å byggja ein ny kommune frå januar 2020. Regionrådet peikar i brevet på at ut frå eit kommunalt perspektiv er kontakten med lensmannskontoret ei viktig oppgåve for regionen.

– Det å ha eit godt samarbeid og nærleik på alle tenestenivå som helse, barnevern, ungdomsarbeid osb. er viktig og ikkje minst førebyggjande, heiter det i brevet.

Den 15. desember sender politimeisteren si tilråding til Politidirektoratet. Den 15. januar vedtek direktoratet lokal tenestestruktur basert på tilrådinga frå politimeistrane.

Drøfta eigarskap og forankring for Gode Sirklar

Regionrådet drøfta korleis det kan skapast eigarskap og oppfølging av prosjekta i regi av næringsutviklingsselskapet Gode Sirklar.  Dagleg leiar i selskapet, Sverre Konrad Nilsen, innleia til samtale om dette temaet.

Strategien for Gode Sirklar er å prioritera næringsutvikling i næringar som står for vesentleg verdiskaping i regionen. Selskapet skal også utvikla god samhandling og utvikling mellom utdanning og næringslivet.

Spørsmål som mellom anna vart stilt under drøftinga på møtet i regionrådet, var om ein skal endra politisk rapportering og forankring av prosjekta til Gode Sirklar. Andre spørsmål var om den administrative forankringa skal endrast og om Gode Sirklar bør vera ein operatør for regionrådet. På møtet vart det også orientert om ei mogleg etablering av ein gründerpark driven av Vest Væringsråd for heile regionen. Det er lagt opp til å fremja politisk sak om dette.

Nilsen understreka at budsjettet på 1,74 millionar kroner skal vera prega av så låge administrasjonskostnader som mogleg og at det skal leggjast vekt på prosjekt. Etter drøftinga om eigarskapet og oppfølginga av prosjekta, vart det konkludert med at det vert innkalla til eigarmøte etter neste styremøte i Gode Sirklar.

Sverre Konrad Nilsen

Sverre Konrad Nilsen

Kystsoneplan

Prosjektleiar Gerhard Inge Storebø orienterte om arbeidet med kystsoneplan. Hausten 2015 vart planforslag til ein næringsarealplan for Askøy, Fjell, Sund og Øygarden godkjent i alle dei fire kommunane. Denne planen omfattar ikkje areal i sjø, men det vert likevel sagt noko om strandsone i planen.

– Dette prosjektet skal ta fatt i dei fire kommunane sine satsingar og potensiale for utvikling av næringar i kommunane. Målet er å utarbeida eit kart med vedtekter som er juridisk bindande, sa Storebø.

Skjønsmidlar

Seniorrådgjevar i Fjell, Svein Fjelland, kommunalsjef Åse Vik i Øygarden og prosjektleiar i Fjell, Janne Mo, orienterte om prosjekt i region vest som fekk tildelt skjønsmidlar i 2015. Det handla mellom anna om JordmorHeim, evaluering av intermediær avdeling, rehabilitering og kommunen som samskapar med frivillig og privat sektor.

Seminar om kommunereforma

Under referatsaker drøfta regionrådet invitasjon til seminarrekkje om kommunereforma i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet og fleire organisasjonar.  Seminarrekkja gjeld for kommunar som har vedteke å slå seg saman. Regionen tek sikte på å delta på seminaret med ordførarar og rådmenn. Tillitsvalde vert også inviterte.

Neste møte i styret for Regionrådet Vest vert den 28. november.  Elles vart det lagt fram møteplan for 2017.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 19.09.2016