Vil be fellesnemnda å tilrå tomt for ny vidaregåande skule

Regionrådet Vest drøfta på møtet på måndag eit notat der det er peika på seks alternative forslag til tomt for ein ny vidaregåande skule i regionen. Regionrådet drøfta ikkje dei konkrete tomtealternativa, men tok stilling til korleis saka skal behandlast politisk i regionen.


I dag har Sotra vidaregåande skule to avdelingar; ei på Bildøyna og eí i Skogsvåg i Sund. Fylkestinget har vedteke at ein ny skule skal samlokaliserast på Bildøyna/Straume.

I første omgang skal Fjell kommune kontakta Hordaland fylkeskommune for å få kartlagt status i saka og korleis fylket ønskjer at regionen skal få gje uttale til val at tomt for ein ny vidaregåande skule. Regionrådet vil så innhenta uttale frå prosjektet «Framtidas kunnskapsklynge i Nye Øygarden kommune» før saka kjem til behandling i regionrådet den 4. juni. Etter innstilling frå regionrådet går saka til behandling i fellesnemnda for Nye Øygarden den 18. juni. Fylkestinget tek endeleg avgjerd hausten 2018.

I notatet er det vist til eí lokalisering på Bildøyna, kunnskapskvartalet Bildetangen. Dei fem andre tomtealternativa ligg på Litlesotra i retning nord/sør frå Fjell rådhus til Straume idrettspark. Dei fem alternativa er nær Straume idrettspark, mellom Sartor Storsenter og Straume idrettspark, verkstad- og bussoppstillingsområdet og utfylling av Stovevatnet.

For skuleåret 2015/206 var det om lag 1 250 elevar frå regionen vår i offentlege vidaregåande skular. Nær 45 prosent av elevane i regionen har vald skuletilbod i andre regionar. Fylkeskommunen tek utgangspunkt i ein elevprognose for 2030 på 1 350 elevar, og den nye skulen vil få om lag 1 100 elevplassar i eit bygg på om lag 15 700 kvadratmeter til ein kostnad på om lag 660 millionar kroner. Bygget vil krevja ei tomt på om lag 16 mål, og det er lagt til grunn at den nye skulen vert etablert i tilknyting til kollektivknutepunkt på Straume/Bildøyna i 2024.

I notatet er tomtealternativa vurdert ut frå kriterium som ungdomsperspektivet, sambruks- og fleirbruksperspektivet, økonomiperspektivet, tilgjengeperspektivet og læringsperspektivet.

Prioriterte søknader om skjønsmidlar

Regionrådet slutta seg til innstillinga frå rådmennene i dei tre kommunane og prioriterer søknader om skjønsmidlar frå Fylkesmannen til digitaliseringsprosjekt. Også andre område som samfunnstryggleik og utvikling av framtidsretta og gode omsorgstenester har fått høg prioritet.  Søknadene gjeld fornyings- og innovasjonsprosjekt for 2018. Regionråda vert bedne om å prioritera mellom søknadene frå kommunane. Regionrådet Vest prioriterer søknadene slik (prioritert rekkjefølgje):

  1. Kartlegging, effektivsering og digitalisering  av arkiv (Sund, Fjell og Øygarden, tre
    kommunar)
  2. Digitalisering i omsorgstenesta (tre kommunar)
  3. Digital omstilling i skulen (tre kommunar)
  4. Etablering av Vest brann og redningsregion (17 kommunar)
  5. Koordinatorstilling, samanslåing barnevern (Fjell og Sund)
  6. Integrering av flyktningar (Fjell)
  7. ROS-analyse for Knarrvika i Fjell (Fjell)

Det var ettersendt ei referatsak knytt til eit brev frå IKT Nordhordland med førespurnad om felles søknad om skjønnsmidlar med tanke på framtidig IKT-samarbeid. Regionrådet ønskte ikkje å prioritera denne saman med dei andre søknadane om skjønsmidlar.

Framtidas kunnskapsklynge

Kommunalsjef i Øygarden, Rune Landro, orienterte om status for arbeidet i prosjektet «Framtidas kunnskapsklynge i Nye Øygarden kommune». Gjennom dette prosjektet ønskjer regionen å gje eit breitt og mangfaldig utdanningsløp i samhandling med alle utdanningsnivå, offentleg sektor og forskingsmiljø. Tanken er at Straume skal verta eit attraktivt regionsenter som trekkjer til seg ungdom som vil utdanna seg. Prosjektet, som skal vera sluttført innan sommaren 2019 og har ei økonomisk ramme på 4,8 millionar kroner.

Det er mellom anna søkt om 1,5 millionar kroner i støtte frå Hordaland fylkeskommune. Det er no kome tilsegn om støtte på 500 tusen kroner frå fylket. I budsjettet for prosjektet er det sett opp 1,2 millionar kroner i tilskot frå kommunane. Øygarden kommune utarbeider ei sak der det vert føreslått at dei tre kommunane og eventuelt Nye Øygarden kommune spleiser på kontantbidraget frå kommunane.  Saka må behandlast i den enkelte kommune og eventuelt fellesnemnda.

Rune Landro

Rune Landro

Havrom 2018

Regionrådet Vest ønskjer også at det vert arbeidd vidare med prosjektet «Havrom 2018». Sigmund Kvernes i Gode Sirklar informerte om prosjektet og sa mellom anna at dagens driftsform er ikkje berekraftig ettersom havbruksnæringa er i raud sone.

– Dersom det ikkje vert sett i gang tiltak for å koma ut av den raude sonen, må produksjonsnivået i havbruket reduserast med seks prosent i 2019. Det handlar først og fremst om å verta kvitt lus og rømming, sa Kvernes.

Han minna om at dette er ei viktig næring med om lag 500 tilsette i regionen. Dersom ein tek med indirekte arbeidskraft (som til dømes Sekkingstad) representerer næringa om lag tusen tilsette i regionen vår.

Aktivitetar i 2018 er arbeidsseminar og moglegheitsanalyse. Målet med denne analyser er å skaffa fram eit kunnskapsgrunnlag som er nyttig for akvakulturverksemdene og strategisk utvikling for å sikra bærekraftig verdiskaping. Kvernes føreslo at kommunane i fellesskap inviterte til eit møte der temaet mellom anna er finansiering av prosjektet. Då regionrådet drøfta prosjektet i dag, var det semje om at det er nødvendig med økonomisk spleiselag og brei forankring, mellom anna i fellesnemnda for Nye Øygarden kommune.

Tone Merethe Aasen (Sintef) og Sigmund Kvernes (Gode Sirklar)

Tone Merethe Aasen (Sintef) og Sigmund Kvernes (Gode Sirklar)

FORKOMMUNE-program

Fjell kommune har søkt Forskingsrådet om midlar til gjennomføring av eit FORKOMMUNE-prosjekt. Målet med dette prosjektet å er å utvikla ein ny berekraftig innovasjonsmodell for Nye Øygarden kommune. Kommunepsykolog i Fjell, Trude Senneseth orienterte om prosjektet.

Modellen vert utvikla og testa med basis i tidlegare og nåverande utviklingsprosjekt innanfor barnehage, skule, helse, omsorg og kommunale leiing. Dette er eit omfattande prosjekt som har ei budsjettramme på 10,8 millionar kroner med ein søknadssum på 6,3 millionar kroner frå Forskingsrådet. Ingen av kommunane forpliktar seg til deltaking no. Dersom Forskingsrådet gjev støtte til prosjektet, vert Sund og Øygarden inviterte til å vera med i prosjektet. Prosjektperioden er 1. oktober 2018 – 3. kvartal 2021.

Andre saker/orienteringar

  • Eit samlande kollektivprosjekt
    Dette prosjektet har vore til drøfting i regionrådet tidlegare og handlar først og fremst om bestillingstransport. Regionrådet kjem tilbake til denne saka til hausten.
  • Årsmelding
    Regionrådet tok årsmelding for Regionrådet Vest til orientering.

Tidspunktet for neste møte i regionrådet vert endra frå 28. mai til 4. juni (kl. 13-00-15.00).

 

Tekst og foto: Vigleik  Brekke

 

publisert 12.03.2018