Viktig møtestad for kunnskapsutvikling

I løpet av 2011 er Etablerarforum Vest blitt ein viktig møtestad for kunnskapsutvikling og samhandling på tvers av servicetorga, Nav og Etablerartenesta i Gode sirklar. Næringssjefen i Askøy kommune deltar og i dette arbeidet. Etablerarforum Vest sitt siste møte i haust samla 25 deltakarar. Dette er ei overraskande stor interesse, og eit sterkt signal om at dette er ei riktig satsing som dekkjer behov ein finn hjå etablerarrettleiarar i vår region. Denne veka hadde Etablererforum Vest si 4.samling, denne gongen på Fjell rådhus.

Organisering og målsettingar

Etablerarforum Vest sikrar framdrift og tverrfagleg samhandling gjennom ei prosjektgruppe som er sett saman av deltakarar frå alle fire kommunar og alle etatar.

I år utgjer desse prosjektgruppa:

  • Silvia Haugland, Øygarden rep. servicetorga
  • Torstein Larsson, NAV
  • Mikael Pedersen, NAV
  • Bård Sandal, Askøy kommune
  • Tone Boska, Gode sirklar

Vi har sett oss som mål å presentera tidsaktuelle problemstillingar i Etablerarforum Vest. Tema som står på agendaen skal spegla dei problemstillingar vi til ei kvar tid står over for i arbeidet som rettleiarar for nyetablerarar.

Samarbeid kompetansemiljø

Den siste tida har pågang frå arbeidsinnvandrarar auka, og med stadig større utfordringar i Europa i samband med Eurokrisa, er det lite truleg at denne gruppa vil minska med det fyrste. Dette er no tema som vi jobbar aktivt med å auka kunnskap og forståing rundt. Vi har samarbeid med Nav sentralt, HIB, UIB som alle sit på ulik spissa kunnskap. Vi skal utvikla rutinar, verkty og samhandlingsmetodar på tvers for å sikra god rettleiing som raskt kan utløysa ressursane og arbeidskraft vi treng i vår region.

Økonomisk støtte

Satsinga på Etablerarforum Vest er blitt lagt godt merke til og har no brei støtte hjå fylkeskommunen, Fylkesmannen og Innovasjon Norge. Satsinga har ført til auka økonomisk støtte til Etablerartenesta i 2012.

Tone Boska
Leiar i prosjektgruppa i Etablerarforum Vest

publisert 18.01.2012