Vi treng både trim og sunn mat

– Det er nødvendigvis ikkje berre fysisk aktivitet eller kosthald som gjev god effekt. Ein kombinasjon er viktig for å oppretthalda muskulaturen.

Det sa rådgjevar i Helse Bergen, Reidun Braut Kjosås, på fagdagen i frisklivsarbeid på Fjell rådhus i dag. Det var Frisklivs- og meistringssenteret i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden som inviterte til fagdag.

Reidun Braut Kjosås i samtale med helsefagleg rådgjevar i Os kommune, Barbara Træland.

Reidun Braut Kjosås i samtale med helsefagleg rådgjevar i Os kommune, Barbara Træland.

Braut Kjosås stilte spørsmål om kor mykje aktivitet som må til for å få god helse.

– Generelt kan vi seia at vi treng minst 150 minutt (30 minutt kvar dag) trening med moderat intensitét, eventuelt 75 minutt aktivitet i veka med høg intensitét. Styrketrening gjev muskelstyrke, og reduksjon av sitjestilling er godt for helsa. Barn treng minst 60 minutt aktivitet med høg eller moderat intensitét kvar dag, sa Braut Kjosås.

I foredraget understreka ho at fysisk aktivitet er svært viktig for dei som har eller som står i fare for å utvikla diabetes 2. Kortsiktige verknader av fysisk aktivitet er at trening gjev insulinliknande effekt og aukar insulinførekomstar. Muskelaktivitét aukar transport av glukose og reduserer blodsukkeret.

Fysisk aktivitet gjev effekt

Professor Ståle Pallesen snakka om søvnproblem.

Professor Ståle Pallesen snakka om søvnproblem.

– Fysisk aktivitet over tid aukar insulinsensitivitét og opprettheld/aukar muskelmassen, reduserer kroppsvekt og magefett, sa Reidun Braut Kjosås. Ho oppsummerte med å slå fast at fysisk aktivitet gjev effekt, særleg gjeld det for levevanesjukdom. Dei som er fysisk inaktive, må starta varsamt. For å lukkast, krev det kunnskap, samarbeid, motivasjon og tru på at ein får det til.

– Og hugs; Det som vert brukt, utviklar seg. Det som ikkje vert brukt, forfell!

På frisklivsdagen hadde professor på Universitetet i Bergen, Ståle Pallesen, foredrag om kartlegging og behandling av søvnproblem. Ernæringsfysiolog Lise von Krogh snakka om «Smart mat for betre helse», medan forskar Even Fjære frå Nasjonalt institutt for ernæring og sjømatforsking snakka om «Problem med å gå ned i vekt og halda seg der».

Frisklivs- og meistringssenteret er lokalisert på Straume. Kursaktiviteten føregår i og ved Sotra Arena. Dette er eit samarbeid mellom dei fire kommunane i region vest. Dette interkommunale helsetilbodet skal hjelpa til å ta grep om eiga helse og endra livsstilen. Helsepersonell tilbyr livsstilskurs og trening i grupper og legg vekt på fysisk aktivitet og endring av kosthald. I tillegg til frisklivs- og meistringssenteret på Straume i Fjell, er det frisklivssentralar i alle dei fire kommunane.

 

Tekst:  Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland

publisert 17.11.2014