Verdig farvel med Otto Harkestad

Ei fullsett Hjelme kyrkje tok farvel med Øygarden-ordførar Otto Harkestad den 18. desember.

Frå gravferda iHjelme kyrkje.

Frå gravferda i Hjelme kyrkje.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I tillegg til varme minnetalar frå familien, var det helsingar frå politikk og samfunnsliv under gravferda og på minnesamværet i Rong kulturhus.
I minnetalane frå dei politiske kollegaene vart det teikna bilete av ein raus og dyktig politikar det var godt å samarbeida med og som har mange spor etter seg. Også prost Erling Kopperud brukte mykje av talen sin til å skildra eigenskapane til Otto Harkestad.

Ordførar Eli Årland Berland helsa på vegner av Fjell kommune og Regionrådet Vest. Ho viste til at han var ein samlande politisk leiar for heile regionen og at han har sett mange spor etter seg.
– Otto var raus og ein vidsynt politikar som var stolt av kommunen sin, den lokale identiteten og språket, sa Årdal Berland.
Under gravferda i kyrkja var det song ved Roy Vorland, Anita Heggholmen og Susanne Rommetveit og Miriam Sandøy frå MOT. Les meir på nettsida til Vestnytt.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 19.12.2014