Ventar på nytt inntektssystem

– Det er stortingsfleirtal for ei kommunereform. Den nye regjeringa vil ha Arbeidarpartiet med på ei slik reform, og då må «frivilligheitslinja» vera sentral.

Fylkesmann Lars Sponheim og stortingsrepresentant Ove Trellevik (H)

Det sa fylkesmann Lars Sponheim på statsetatane sitt møte med kommunane på Solstrand i Os i  går. Han viste til at regjeringa skal ha ein gjennomgang av inntektssystemet for kommunane og fylkeskommunane.

Også stortingsrepresentant Ove Trellevik var klar på at inntektssystement vert endra.

– Vi skal sjå på heile skattesystemet for kommunane. Det er eit behov for å endra skattesystemet. Målet er betre tenester for innbyggjarane, sa Ove Trellevik. Trellevik vart i haust vald inn på Stortinget for Høgre og har fram til i haust vore ordførar i Sund.

Lars Sponheim understreka at ei omlegging av selskapsskatten må resultera i at det også går skatteinntekter til dei kommunane der verdiskapinga skjer og ikkje berre til dei kommunane som har hovudkontoret.

Kommunestruktur

På møtet med kommunane vart det gjeve informasjon om ulike prosjekt knytt til kommunestruktur i Nordhordland, Hardanger, Sunnhordland og region vest.

Fjell-ordførar Eli Årdal Berland, er styreleiar i Regionrådet Vest og hadde innlegg om moglegheitsstudiet for ny kommunestruktur der det er søkt om 800 tusen kroner i statleg støtte. Askøy, Sund og Fjell har gjort vedtak om å vera med i dette studiet, medan Øygarden kommune har vedteke å vera med som observartør

Informasjon frå statsetatane

Regiondirektør i UDI (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane), Atle Berge, opplyste at det er utlyst konkurranse om to nye flyktningemottak i regionen med tilbodsfrist første november. Ved utgangen av september budde det vel 16 700 personar i mottak i landet. Den siste tida har det kome flest flyktningar frå Eritrea.

– Dersom det på grunnlag av den utlyste konkurransen er aktuelt å etablera flyktningemottak i ein av dykkar kommunar, tek vi kontakt med ordførar og rådmann for samtale, sa Atle Berge.

Direktør i Husbanken,. region vest, Mabel Johansen, viste til at Husbanken skal føra statleg politikk, særleg innanfor det bustadsosiale. Fjell og Bergen kommunar er inviterte til å vera med i «Bustadsosialt velferdsprogram». Programmet skal hjelpa kommunane i arbeidet med å analysera, planleggja og gjennomføra tiltak for å busetja og følgja opp vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Politimeister i Hordaland, Geir Gudmundsen, orienterte om NOU 9:2013 «Ett politi – rustet til å møte fremtidens utfordringer» (Politianalysen) der det er konkludert med at Noreg ikkje har eitt politi, men har store variasjonar. Det er nødvendig med ein strukturreform og ein kvalitetsreform. I rapporten er det presentert tre aktuelle modellar; fylkesmodell (18 distrikt), mellommodell (10 distrikt) og regionsmodell (seks distrikt). På grunnlag av NOU-rapporten er det venta at regjeringa legg fram ei stortingsmelding som kan behandlast våren 2014.

– Det kjem ein god demokratisk prosess på dette, sa Geir Gudmundsen.

Det vart også gjeve informasjon frå Sivilforsvaret, Kriminalomsorga og Arbeidstilsynet.

Ny motsegnsordning

Assisterande fylkesmann, Rune Fjeld, orienterte om Fylkesmannen i Hordaland sin test av ny motsegnsordning. I dette forsøket skal staten skal snakka med ei røyst når det gjeld motsegner til kommunale planar. Frå første september er det lagt opp til at motsegnene frå ulike statsorgan skal koordinerast av Fylkesmannen, slik at det kjem berre ein felles uttale til kommunen. Målet er å få til raskare behandling av plansaker og eit betre samarbeid mellom kommunane og offentlege instansar.

– På denne måten kjem Fylkesmannen og andre statlege organ tidleg inn i prosessen. Målet er at det skal gje færre motsegn, sa Fjeld. Meland-ordførar Nils Marton Ådland (H) sa på møtet i dag at hans kommune har hatt god erfaring med denne måten å organisera motsegnsprosessen på.

Assisterande fylkesmann Rune Fjeld

Tildeling av skjønsmidlar

Rune Fjeld informerte også om vurderinga av ny prosedyre for tildeling av skjønsmidlar til omstilling og innovasjon. Av totalt 137,6 millionar kroner i skjønsmidlar i Hordaland i 2013, vart 17,8 millionar kroner nytta til prosjekt knytt til omstilling og innovasjon.

Det er aktuelt å trekkja inn regionråda når det gjeld fordeling; anten ved å la regionråda ha ei koordinatorrolle eller at regionråda sjølv fordeler midlane. Ei arbeidsgruppe går inn for at regionane står som koordinator, men at det er Fylkesmannen som på fagleg grunnlag avgjer kven som skal få slike skjønsmidlar.

Seminaret på Solstrand heldt fram i dag der tema i hovudsak var knytt til klima og miljø.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 25.10.2013