Vegtema på Tinget i vest

Det handlar i stor grad om vegutbygging og samferdsle på Tinget i Vest i Sund neste veke.

Magnus Natås

På møtet i tinget 14. oktober skal mellom anna Magnus Stangeland snakka om framtidige transportkorridorar i vest. Stangeland har teke til orde for å oppretta ferjesamband mellom Hanøytangen på Askøy og CCB-basen i Fjell. I tillegg støttar han opp om planane om tverrsamband (Sambandet Vest) mellom Askøy, Meland og Radøy slik at Mongstad-miljøet vert knytt til offshoreklynga på Askøy, Sotra og Øygarden.

Byråd i Bergen, Filip Rygg, skal snakka om visjonar mot vest, medan sjefsingeniør i Statens vegvesen, Magnus Natås, skal gje informasjon om vedtekne og framtidige planar. Dagleg leiar Vigleik Aasebø og styreleiar i Sambandet Vest, John Bauge, har fått temaet «Veg mot nord». Gerhard Inge Storebø gjev løypemelding om næringsareal og strandsone.

Møtet vert halde på Panorama konferansehotell og startar klokka 09.00. Tinget i vest er samansett av formannskapa i samarbeidskommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 07.10.2013