Utarbeider funksjonsprogram for lokalmedisinsk senter

– Dette er eit nybrotsarbeid og ein historisk dag. Saman skal vi planleggja det første lokalmedisinske senteret (LMS) på Vestlandet, sa seniorrådgjevar Svein Fjelland då ha ønskte 40 fagfolk innan helse- og omsorg velkomen til arbeidsseminar i Fjell i dag. 

Forskingsleiar i Sintef, Asmund Myrbostad, leia seminararbeidet med funksjonsprogram

Det er utarbeidd ein rapport for dette senteret som skal lokaliserast i helsesenteret på Straume like ved Straume terapisenter og Øyane distriktspsykiatriske senter (Øyane DPS). Målet er å ta senteret i bruk i løpet av 2015. Dette er eit samhandlingsprosjekt mellom Helse Bergen og kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

 

Utarbeider utviklingsgrunnlag

I form av gruppearbeid vart det på seminaret i dag utarbeidd utviklingsgrunnlag for detaljplanlegging av senteret. Deltakarane gjekk gjennom pasientgangen og diskuterte konkret problemstillingar knytt til organisering og krav til bygget. I første omgang skal det lagast eit funksjonsprogram og skisseprosjekt. 

Det nye senteret vil gje ei rekkje tilbod til pasientar og brukarar. Senteret skal innehalda intermediær eining (10 senger til restbehandling), observasjonseining (tre – fire senger for brukarar frå Fjell, Sund og Øygarden), interkommunal legevakt for Sund og Fjell kommunar, rehabiliteringseining (10 senger og 10-16 dagplassar), lokalt frisklivs – og meistringssenter, dialysesatellitt, sjukeheim for Fjell med 20 senger og kommunalt legesenter for seks fastlegar. Andre aktuelle tilbod som vert vurderte plassert i senteret, er mellom anna røntgen og hørselssenter. 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 19.03.2012