Uførepensjonen skal leggjast om i 2015

– Dei fleste mottakarane av uførepensjon vil få justert beløpet frå januar 2015.

Fylkesdirektør i NAV Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes

Det sa fylkesdirektør i NAV Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes, då ho i går orienterte styret i Regionrådet Vest om uførereforma som vert sett i verk frå 2015.

Dette skal vera ei fleksibel og «saumlaus» ordning som skal gjera det lettare å kombinera trygd og jobb. Reforma legg til rette for at mottakarane av uførepensjon skal få prøva seg i arbeid utan å få kutt i trygda. Det er mellom 330 og 340 tusen person i Noreg som mottek uførepensjon. Første utbetaling med justert pensjon skjer 15. januar neste år.

 

– Det vil vera ei utfordring å informera om reforma, og vi reknar med at det vil koma mange spørsmål om dette, sa Kverneland Bogsnes til regionrådstyret i går.

Strukturendring

Anne Kverneland Bogsnes orienterte også om arbeidet med organisasjonsendringar i NAV. Det er eit mål å redusera fysisk oppmøte på NAV-kontora og bruk av telefon. Ved å auka bruken av digitale tenester, kan NAV-kontora frigjera ekstra ressursar og gje hjelp til dei som verkeleg har bruk for å møta opp på kontora.

 

Kverneland Bogsnes viste også til forventa kontorstruktur med færre kontor og bortfall av statleg nærvær i ein del kommunar. Det kan opprettast interkommunale kontor uavhengig av kommunegrensene.

 

– Eg ser først og fremst for meg at Fjell, Sund og Øygarden kan ha eit interkommunalt kontor. Det ville vore utruleg flott med eit føregangsprosjekt i region vest. Eg understrekar at alle kontor her i regionen jobbar godt, og det er opp til partnarskapet lokalt å få til eit samarbeid, sa Anne Kverneland Bogsnes.

 

Fylkesdirektøren viste også til at det no går føre seg forhandlingar om ny IA-avtale (IA=Inkluderande arbeidsliv). Eitt tema i forhandlingane er mogleg forenkling av sjukefråværsoppfølginga. Ho orienterte også om arbeidet med tryggleiken for dei NAV-tilsette.

Avventar ny modell for tildeling av skjønsmidlar

Ei arbeidsgruppe har vurdert noverande ordning med tildeling av skjønsmidlar til omstilling og fornying. Det er forslag om at regionråda vil få ei sterkare rolle ved fordelinga av midlane enn tilfellet er i dag. Sekretariatet hadde førebudd ei sak der kommunane vart oppmoda om å gje uttale til to modellar for tildeling av desse midlane. I den eine varianten fungerer regionråda som koordinator og gjev tilråding til fordeling av midlane før Fylkesmannen tek endeleg avgjerd. I den andre varianten har regionråda avgjerdsmynde.

 

Nyleg har det kome signal om at det er på veg nye statlege retningslinjer for tildeling av skjønsmidlar. På bakgrunn av dette, utsette regionrådet saka. Det vert teke kontakt med Fylkesmannen om einskildkommunar bør gje uttale til den nye modellen.

Næringsliv vert hovudtema på Tinget i Vest 7. april

Tinget i Vest er samansett av dei fire kommunane i region vest og har møte to gonger i året. På møtet på Askøy 7. april vert næringsliv hovudtema. Det vert mellom anna orientert om subsea-miljøa på Ågotnes i Fjell og Horsøy på Askøy. Det vert lagt opp til omvisning på OneSubsea på Horsøy.

Godkjente årsrapport

Regionrådet godkjente Årsrapport Regionrådet vest 2013.
Vigleik Brekke

publisert 10.02.2014