Tre millionar til «angstprosjekt»

Anja Høye Rogde

Regionalt forskingsfond Vestlandet har løyvd tre millionar kroner til eit felles prosjekt i region vest om utprøving av førebyggjande tiltak og tidleg intervensjon retta mot ungdom med angstsymptom.

– Vi er kjempeglade for dette tilskotet. Pengane skal i hovudsak gå til frikjøp av helsesøstrer. Oppstart av tiltaka i prosjektet er planlagt i august 2014 og avslutta to år seinare, seier kommunepsykolog i Fjell og prosjektleiar Anja Høye Rogde. 

Prosjektet omfattar utprøving og evaluering av nye lågterskeltiltak og er eit samarbeid mellom kommunane Fjell, Askøy, Sund og Øygarden og forskingsinstitusjonen UNI Research.

– Angst er ei av dei vanlegaste psykiske lidingane blant barn og ungdom. Det er stort behov for førebyggande tiltak i skulehelsetenesta; tiltak som både er kostnadseffektive og lett tilgjengelege, seier Janne Johnsen som er nestleiar i styret for Regionalt forskingsfond Vestlandet til nettsida til Hordaland fylkeskommune.

Totalt er det løyvd 18,2 millionar kroner til åtte nye forskingsprosjekt i landsdelen. Oppdrettsselskapet Lerøy Vest og Fjell kommune var blant aktørane som får millionstøtte.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 23.01.2014