Torgeir Sæter ny fagsjef i Askøy

Prosjektleiar i Regionrådet Vest og tidlegare rådmann i Øygarden, Torgeir Sæter, er tilsett som ny fagsjef for den nye avdelinga Barn og familie i Askøy kommune. Han skal ta til i den nye stillinga 1. februar.

Torgeir Sæter

Ei av oppgåvene til Sæter i regionrådet har vore å leia prosjektet «Betre saman for barna». Denne funksjonen skal han halda fram med ut 2013. Som prosjektleiar har han det siste året hatt kontorplassering på Kleppestø og hatt administrativ tilknyting til Askøy kommune.

Askøy kommune opplyser på nettsida at hans første oppgåve er å etablera fagavdelinga Barn og familie som omfattar barneverntenesta, PPT, helsesøstertenesta og psykologtenesta.

publisert 22.01.2013