Tjuvstarta TV-aksjonen

Måndag klokka 13.00 slo fylkesaksjonsleiar for TV-aksjonen Hordaland, Heidi Kristina Westli, i gongongen i komitésalen i Fjell rådhus. Då markerte ho starten på telefonaksjonen næringslivet og kommunane Fjell, Sund og Øygarden står saman om.

Det var full aktivitet i komitesalen i dag då næringslivet og kommunetoppane ringde næringslivet om ba om støtte til TV-aksjonen.

Det var full aktivitet i komitesalen i dag då næringslivet og kommunetoppane ringde næringslivet om ba om støtte til TV-aksjonen.

Den store TV-aksjonsdagen er sundag 18. oktober.

– Vi må jo engasjera oss i ting som ikkje berre handlar om bedrifta. Vi har eit samfunnsansvar der vi kan hjelpa til, seier Peder Torsvik i Torsvik Elektro. Saman med varaordførar Anne-Grethe Solbakk representerte han Øygarden på telefonaksjonen i dag.

– Har du tru på eit godt resultat?

– Eg håpar at med mi lokale røyst frå Øygarden kan eg hjelpa til at næringslivet blar opp pengar. Mesteparten av mi ringjeliste er bedrifter i Øygarden, seier Torsvik.

Frå Sund deltek ordførar Kari-Anne Landro og varaordførar Nils Kåre Skoge. Fjell er representert ved ordførar Eli Årdal Berland og påtroppande varaordførar Tom Georg Indrevik. I tillegg deltek dagleg leiar i Vest Næringsråd, Per Aarsand og dagleg leiar i Nest-Sotra, Michael Flyholm.

Fylkesleiar Heidi Kristina Westli

Fylkesleiar Heidi Kristina Westli

TV-aksjonen NRK 2015 går til Regnskogfondet sitt arbeid med å redda regnskog i nært samarbeid med menneska som bur der. Midlane frå TV-aksjonen skal redda eit regnskogsområde større enn heile Noreg og Danmark til saman. TV-aksjonen skal bidra til å ta vare på nokre av dei største regnskogsområda i Peru, Brasil, DR Kongo og på øya Ny-Guinea.

Tekst og foto: Vigleik Brekke
 

publisert 12.10.2015