Tinget i Vest samlast i Øygarden

Samarbeid om byggjesak, strandsone, kultur, rusomsorg og prosjektet «Betre saman for barna» står på dagsorden på Tinget i Vest måndag 17. september. Denne gongen er det Øygarden kommune som er vertskap for møtet i regi av Regionrådet Vest.

Det vert omvisning på Kollsnes gassanlegg.

Tinget i Vest er samansett av formannskapa i dei fire samarbeidskommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. På møtet på måndag skal prosjektleiar Torgeir Sæter gje informasjon om regionale plan- og byggjeprosjekt og prosjekta «Betre saman for barna» og «Rusomsorg – prosjekt vest».

Strandsoneprosjekt

Ordførar i Austevoll, Helge André Njåstad, er invitert for å gje orientering om eit strandsoneprosjekt i Sunnhordland. I Sunnhordland er det gode røynsler med samarbeid om strandsone. Ei kartlegging syner at det er vesentleg meir tilgjengeleg strandsone enn det som Statistisk sentralbyrå legg til grunn.

Festivalsjef Ole Rasmus Øvretveit har «Kultur – samfunnsutviklar» som sitt tema på Tinget i Vest. Øvretveit er leiar av Periferifestivalen i Sund. I slutten av august vart den sjette Periferifestivalen arrangert på Glesvær i Sund.

Bakgrunnsinformasjon om fleire av sakene på Tinget i Vest kan du lesa under «Møte» (03.09.2012) på heimesida til Regionrådet Vest.

Tekst: Vigleik Brekke, foto: Statoil

publisert 13.09.2012