Tinget i vest drøftar kommunereforma

Kommunereforma er hovudtema på Tinget i vest i Fjell rådhus 27. oktober.

Tinget i vest vert halde i Fjell rådhus

Tinget i vest vert halde i Fjell rådhus

Professor på Universitetet i Oslo, Harald Baldersheim, skal snakka om lokalt sjølvstyre og demokrati i omstillingsprosessar. Ordførar i Radøy kommune og leiar i rådet i Region Nordhordland, Jon Askeland, orienterer om status og prosess med kommunereforma i Nordhordland. Konsulent i Implement Tor Nonnegaard Pedersen gjev erfaringar frå kommunesamanslåingar i Danmark.

Bakgrunnen for at dette temaet står på dagsorden er pålegg frå dei sentrale styresmaktene om å følgja opp kommunereforma og at Fylkesmannen har løyvd 800 tusen kroner til prosjektet «Kompetanseheving for politisk og administrativ leiing – kommunereform» i regi av dei fire kommunane i region vest.

Tinget i vest er samansett av formannskapa i dei fire kommunane i region vest; Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 09.00.  Les programmet for Tinget i vest her.

publisert 22.10.2014