Tinget i Vest drøftar kommunereform i oktober

Kommunereforma vert hovudtema på Tinget i Vest i Fjell 27. oktober. Fylkesmannen har løyvd 800 tusen kroner til prosjektet «Kompetanseheving for politisk og administrativ leiing – kommunereform» i regi av dei fire kommunane i region vest.

Prosjektleiar i Hordaland fylkeskommune Martha Rongved Dixon.

Rådgjevar i Hordaland fylkeskommune Martha Rongved Dixon.

På styremøtet i Regionrådet Vest i Fjell i dag vart det drøfta korleis prosjektet skal følgjast opp. Det var semje om at det som ein start på prosjektet skal inviterast føredragshaldarar til Tinget i Vest som har erfaring frå kommunestrukturarbeid og andre som er involverte i kommunereformarbeidet. På neste styremøte skal regionrådet drøfta korleis fellesprosjektet om kommunereforma skal vidareførast.

3,2 millionar kroner til tiltak i regionen

Totalt har Fylkesmannen fordelt 3,2 millionar kroner til seks fornyings- og utviklingsprosjekt i dei fire kommunane i region vest. Fem av løyvingane går til fellestiltak i kommunane. Askøy kommune har i tillegg fått 310 tusen kroner til frisklivssentral som ein del av tenestetilbodet til kreftpasientar på Askøy.

Det er løyvd 1,25 millionar kroner til regionale tiltak innan barnevern. Som nemnt ovanfor er det løyvd 800 tusen kroner til kompetanseheving i samband med kommunereforma. Dei andre løyvingane går til vidareutvikling av frisklivs- og meistringssenteret i regionen (310 tusen kroner), bygningsvernkonsulent i region vest (285 tusen kroner) og 250 tusen kroner til debatt og opplæring på tvers som er eit tiltak i regi av biblioteka i dei fire kommunane i regionen.

Orienteringar

På styremøte var det orienteringar om tre regionale tiltak og prosjekt.

Framtidig organisering av reiselivet

Prosjektleiar i Hordaland fylkeskommune Martha Rongved Dixon orienterte om ei mogleg framtidig organisering av reiselivet i fylket. I dag er det fem destinasjonsselskap i Hordaland. Mellom desse er Kysteventyret som er organisert via Gode Sirklar. Ifølgje Rongved Dixon er det tre sterke merkevarer/regionar innan reiselivsnæringa i fylket; bergensregionen, Voss og Hardanger.

Det kan verta aktuelt å oppretta «Region Bergen» som er definert geografisk mot «vestsida» av fylket samansett av reiselivsnæringa i Nordhordland, Sund, Fjell, Øygarden og Sunnhordland. Moglege felles oppgåver kan vera knytt til web, brosjyrar, temasatsing, kvalitetssikring og turistinformasjon. Rapporten om framtidig organisering av reiselivet i «Region Bergen» går til behandling hjå dei aktuelle eigarane.

Frisklivs- og meistringssenteret

Prosjektleiar Anita Alvheim gav informasjon om Frisklivs- og meistringssenteret som er eit samarbeid mellom dei fire kommunane i region vest. Dette interkommunale helsetilbodet skal hjelpa til å ta grep om eiga helse og endra livsstilen. Helsepersonell tilbyr livsstilskurs og trening i grupper og legg vekt på fysisk aktivitet og endring av kosthald. Deltakarane på livsstilskurs i regi av senteret vert no inviterte til å delta i ei undersøking der tilbodet vert evaluert. I tillegg til frisklivs- og meistringssenteret på Straume i Fjell, er det frisklivssentralar i alle kommunane.

Prosjektet «Trygge kvinner i ei moderne barselomsorg»

Rundt første november i år vert det oppstart av eit nytt interkommunalt jordmortilbod i region vest. Dette tiltaket byggjer på erfaringane frå «JordmorHeim i Fjell» og skal frå november av omfatta kommunane Fjell, Sund og Øygarden. På møtet i dag gav prosjektleiar Martha Svarstad Vadset og jordmor Tonje Fluge informasjon om prosjektet. Kommunane samarbeider med Kvinneklinikken om dette tiltaket.

Tilbodet legg til rette for at alle kvinner, som har hatt eit normalt svangerskap og normal fødsel til termin, saman med barnet sitt, kan reisa heim allereie etter åtte til 24 timar etter fødsel. Heime vil familien få tett og individuell rettleiing og oppfølging av ei kjent og lokal jordmorteneste. Tilbodet skal også vera tilgjengeleg for brukarane på kveldstid og laurdagar.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 15.09.2014