Tiltak for ungdom i fire kommunar

Foreininga Felles Ansvar er godt i gang med rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak retta mot ungdom i tre av dei fire kommunane i region vest.

Prosjektkoordinator Åsta Årøen opplyser at det vert lagt til rette for gode tiltak i alle dei fire kommunane, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

– I Sund er det planlagt ei jentegruppe i samarbeid med Sund Sportsklubb. I Askøy er det etablert ei «mekkelinje» i Florvåg i regi av AmCaR-klubben og Askøy Rasarag. Basecamp Active er eit tilbod retta mot ungdom i Fjell med aktivitetar som bowling og fjellklatring. I Øygarden er det enno ikkje starta opp Felles Ansvar-aktivitet, men dette vert no ei prioritert oppgåve slik det går fram av handlingsplanen som vart vedteken på årsmøtet 15. mai, seier prosjektkoordinator Åsta Årøen.

Torbjørn Fjøren attvalt som styreleiar

På årsmøtet i Felles Ansvar i mai vart Torbjørn J. Fjøren attvalt som styreleiar. Medlemsorganisasjonane peikar sjølv ut sine styrerepresentantar. Medlemer i Felles Ansvar er Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsdistrikt, Askøy Røde Kors, Lions Club Askøy, Vesthordland prosti og dei fire kommunane i region vest.

Åsta Årøen og Torbjørn Fjøren

– Det vert etablert små og tette grupper der særleg kvalifiserte og motiverte frivillige arbeider målmedvite med ungdomen. Vi ønskjer at ungdomane skal oppleva meistring og sjølvtillit, seier Årøen.

Felles Ansvar er førebels finansiert av Gjensidigstiftelsen, Stor Bergen Boligbyggelag og Lions på Askøy. Prosjektet er i første omgang tidsavgrensa til 2012 og 2013.

Tekst: Vigleik Brekke

publisert 26.06.2012