Tilrår fordeling av skjønsmidlar

Styret i Regionrådet Vest skal på møtet måndag 19. mai gje innstilling til korleis skjønsmidlane til fornyings- og utviklingsprosjekt skal fordelast.

Øygarden rådhus på Rong

I 2013 løyvde Fylkesmannen 17,8 millionar kroner til slike prosjekt i Hordaland. Etter tilslutnad hjå regionrådstyra, har Fylkesmannen konkludert med søknadsprosessen vert endra slik at regionråda får ei koordinerande rolle. Fylkesmannen skal framleis vera ansvarleg for sjølve tildelinga, men tildelinga vil i stor grad byggja på prioriteringane frå regionråda.

På møtet komande måndag i Øygarden skal styret gå gjennom søknadene. Fylkesmannen vil særleg prioritera søknader som gjeld kommunestruktur, plan- og byggjesak, folkehelse, miljøvern, interkommunalt brann- og beredskapsarbeid, barnehage og utdanning, elektronisk dokumentutveksling og kompetanseutvikling.

På styremøtet vert det gjeve fleire orienteringar:

  • Forprosjekt om interkommunalt bustadsamarbeid innan psykisk helse
  • Rapport frå IKT-rådet
  • Status for regionalt samarbeid om arealdisponering av næringsareal og strandsone
  • Om årsmøtet i Felles Ansvar

Det skal også veljast representant frå region vest til «Prosjekt kulturminneplan i kommunane».

Her kan du lesa innkalling og saksoplysningar til styremøtet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 14.05.2014