Talte varmt for utgreiing av kommunestruktur

Ordførar i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes, oppmodar kommunane i region vest til å gjennomføra utgreiing om kommunestruktur. Ho sa dette på Tinget i vest som vart arrangert i Fjell rådhus i dag.

Astrid Aarhus Byrknes

– Bruk tid og krefter på utgreiing og bruk gjerne ein prosessleiar til å leia arbeidet. Det er ikkje spørsmålet om eventuell samanslåing det vert teke stilling til no, sa Lindås-ordføraren etter debatten i tinget.

Via Region Nordhordland er det søkt om statlege midlar til utgreiing om framtidig kommunestruktur i Nordhordland. Dei seks aktuelle kommunane, Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Masfjorden og Fedje, representerer ei befolkning på 42 500 innbyggjarar med ein gjennomsnittleg årleg vekst på 1,2 prosent. Kommunane har teke fram ei utgreiing frå 2006 som skal oppdaterst. Målet med utgreiinga er å sikra at kommunane sine funksjonar skal takast i vare ved tenesteproduksjon, samfunnsstruktur og lokaldemokratiforvaltning. Det er lagt opp til at det vert gjeve innstilling i 2014 og folkeavrøysting i samband med kommunevalet i 2015.

– Inntrykket vårt er at næringslivet ikkje ser kommunegrenser og seier; kjør på! Eg trur heller ikkje ungdomane ser kommunegrensene, sa Aarhus Byrknes.

Moglegstudium i region vest

I region vest har Fjell og Askøy gjeve tilslutnad til at det vert gjennomført eit interkommunalt samarbeid og moglegheitsstudium av ulike modellar for kommunestruktur. Øygarden kommunestyre har sagt nei til dette, men skal i neste møte behandla spørsmålet om kommunen skal takka ja til å ha ein observatørstatus i det vidare arbeidet. Sund kommune har så langt ikkje teke stilling til spørsmålet om moglegheitsstudium.

I debatten vart det stilt spørsmål om denne saka burde koma frå regionrådet som ho gjorde og at framgangsmåten kunne opplevast som øydeleggjande. Styreleiar Ove Trellevik vedgjekk at saksgangen vart kortare enn nødvendig.

Fleire støtta likevel initiativet og framgangsmåten til regionrådet. Det vart understreka at dette ikkje er ein debatt om ja eller nei til kommunesamanslåing, men eit moglegheitsstudium av ulike modellar for kommunestruktur.

Tidlegare på dagen vart Tinget i vest si rolle drøfta. Ordførar Siv Høgtun opplyste at Askøy kommune har bede rådmannen å laga ei sak der rolla til tinget vert evaluert. I debatten viste fleire til at det er nødvendig å evaluera og drøfta kva rolle Tinget i vest skal ha.

Orienteringar

Felles Ansvar

Prosjektleiar Asta Årøen orienterte om status for det kriminalitetsførebyggjande tiltaket Felles Ansvar.

Åsta Årøen

– Det er viktig for meg å understreka at dette arbeidet er eit supplement, ikkje ei erstatning, for anna førebyggjande arbeid i kommunane, sa Årøen.

Ho viste til konkrete prosjekt som er starta opp og som er under planlegging i dei fire kommunane. Ho håpar at det vert starta opp fire – fem nye prosjekt i løpet av 2013. Dei viktigaste finansieringskjeldene så langt er Gjensidigestiftelsen, Stor-Bergen Boligbyggelag, Fylkesmannen og Lions Askøy.

Felles ROS-analyse

Brannsjef i Austevoll, John Levi Weløy, orienterte om prosjektet KystRos. Dei fem kommunane Austevoll, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden arbeider med å kartleggja risiko- og sårbarheitsforhold for dei fem kommunane som til saman representerer 65 tusen innbyggjarar. Arbeidet vert drive fram av ei styringsgruppe og tre arbeidsgrupper.

John Levi Weløy

Analysen skal ha god politisk forankring. Tema for KystRos er risiko for naturgitte høve, menneskeskapt risiko, anna risiko og ein kombinasjon av dei tre andre. I ROS-analysearbeidet går ein gjennom ulike tema for kommunane. I tillegg må det utarbeidast ROS-analyse for tema som berre gjeld for den einskilde kommune. Det vert teke sikte på å ha klar ROS-analysen innan utgangen av 2013. ROS-analysen dannar grunnlag for kommunal beredskapsplan.

Strategisk IKT-samarbeid

Kommunalsjef i Askøy kommune, Marit Rinnan, orienterte om arbeidet med strategi for regionalt IKT-samarbeid. I denne omgangen er det eit strategisk samarbeid som er aktuelt. Spørsmålet om eventuelt driftssamarbeid er lagt på is. Målet med planen er at IKT-løysingar i region vest skal støtta opp under og løfta samfunns- og tenesteutvikling i kommunane. Det er føreslått å oppretta eit IKT-råd som initierer, koordinerer og følgjer opp arbeidet. Det vert teke

Hovudtillitsvald for Fagforbundet i Sund kommune, Hildegunn Høyland, og kommunalsjef i Askøy kommune, Marit Rinnan.

sikte på at kvar kommune vedtek felles handlingsplan med økonomiske rammer ved rullering av økonomiplanen hausten 2013.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 08.04.2013