Sveiva med lua og opna senterutviding

På ein vakker sommardag med god temperatur både ute og inne, var Olav Thon på plass med den rosa lua på scena saman med dei tre ordførarane i regionen på nyopninga av Sartor Storsenter i dag.

 

Godt hjelpt av Olav Thon klipper Fjell-ordførar av snora for å markera opninga. Til venstre; Sund-ordførar Kari-Anne Landro og til høgre ordførar i Øyagrden, Børge Haugetun.

Godt hjelpt av Olav Thon klipper Fjell-ordførar av snora for å markera opninga. Til venstre; Sund-ordførar Kari-Anne Landro og til høgre ordførar i Øyagrden, Børge Haugetun.

 

 

 

 

 

 

 

 

 
– Det er morosamt sjå korleis eit senter kan utvikla eit heilt område og skapa optimisme og glede for alle som bur her, sa Thon.

Olav Thon Eiendomsselskap og Sartor Holding AS er eigarar av Sartor Storsenter som i dag markerte opninga av nye 11 500 kvadratmeter og 22 nye forretningar i tillegg til oppgradert Glassgården.

Visjonen er følgd opp

Dei tre ordførarane var på plass, og det var Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy med ordførarkjede som fekk æra av å klippa av snora.

– I 2003 vart visjonen for Straume, seinare Sotra Kystby, vedteken. No ser vi at visjonen er følgd opp, sa Sandahl Bjorøy. Ho viste til at senteret har mange kvalitetar utover å vera eit handlesenter og at felles kultur og identitet er viktig for aktørane. Ho sa også at Sartor Storsenter og Sotra Kystby vil spela ei stor rolle i utviklinga av ein ny felles kommune.

Sund-ordførar Kari-Anne Landro sa at vi her er vitne til ein enorm transformasjon frå kjøpesenter til sentrum for byopplevingar. Både ho og dei andre to ordførarane viste til senterleiar Thomas Skålnes som på eit møte i regi av Vest Næringsråd denne veka minna om at handel i seg sjølv er ei viktig næring i regionen.

– Handelsnæringa er stor og sentral i regionen, og arbeidsplassar er ein nøkkel til suksess, sa Landro.

Senterleiar Thomas Skålnes og Olav Thon

Senterleiar Thomas Skålnes og Olav Thon

Langsiktig tenking

Ordførar i Øygarden, Børge Haugetun sa at vi her er vitne til ei langsiktig tenking i planlegging og planmynde i Fjell som har vore med i utviklinga frå starten av.

– Dette er ikkje berre ein stor dag for Sartor Storsenter, Sotra Kystby og Fjell kommune, men for heile regionen, sa Haugetun og viste til at både handelsnæringa og helselandsbyen syr saman eit viktig regionsenter.

Haugetun hadde også ein kommentar då han kom ned frå scena og hadde sett Olav Thon sveiva med lua.

– Eg har ikkje ordførarkjedet med meg frå Øygarden, men hadde eg fått ei slik lua Olav Thon har, hadde det vorte veg i vellinga, sa Haugetun.

Mathea Marie Glittenberg imponerte med vakker song.

Mathea Marie Glittenberg imponerte med vakker song.

 

Trond Harald Bjerke i Olav Thon Gruppen sa at Sartor Storsenter har utvikla seg til eitt av dei fremste kjøpesentera i landet og tyngdepunkt i bergensområdet med 93 tusen kvadratmeter, 170 verksemder og to tusen tilsette.

– Sjølv om det er pessimisme i næringslivet, har handelsnæringa hatt omsetningsauke i samanhengande 30 år, sa Bjerke og takka familiane Einarsen og Rennedal og for det gode samarbeidet. Han takka også Fjell kommune for at planar og søknader er godkjende.

Dagleg leiar i Vest Næringsråd helsa, Per Aarsand, viste til at det som ein er vitne til i dag, viser kort viktig det er med eit tett samarbeid mellom offentleg og privat sektor.

Senterleiar Thomas Skålnes opplyste at det i år er 40 år sidan at Sartor Senter AS vart stifta. Senteret opna i 1978. I dag den 16. juni er det får år sidan områdereguleringsplanen for Straume vart vedteken.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland

publisert 16.06.2016