Sund kommune

Fakta

Naust i Sund

Sund kommune ligg på søre del av øya Sotra, vest for Bergen. Kommunen har eit areal på 94,8 km2, og  kystlina er 110 km lang. Landskapet er prega av ein flott skjergard, fjordar, vågar og viker, sjø og vatn. Området er kupert, med småmyrer innimellom dei tallause bergnakkane. Nordsjøen er næraste nabo i vest!
Kommunen har fastlandssamband til Bergen over Sotrabrua og ferjesamband frå Klokkarvik til Hjellestad, via øyane Lerøy og Bjelkarøy. Kommunesenteret ligg i Skogsskiftet.

Folketalsutviklinga er positiv, og innbyggjartalet var ved årsskiftet 2009/2010 på 6079 personar.

Hovudmålet i kommuneplanen seier:

” I Sund kommune er det eit hovudmål å få innbyggjarane til å ta medansvar for utviklinga
– slik at me tek vare på kvarandre gjennom heile livsløpet og skapar eit miljø folk synest
det er triveleg å bu i”.

Tenestetilbodet
Sund kommune har satsa på utvikling av dei eksisterande bygdene, med eit godt utbygd skule- og barnehagetilbod i nærmiljøa. Utbygging av vatn og avlaup har i stor grad skjedd i samarbeid med trafikksikringstiltak og bygging av gang- og sykkelvegar. Det er dei siste åra lagt til rette for bustadbygging i alle krinsane i kommunen, og tilgangen på bustadtomter er svært god. Kommunen har 7 barneskular, ungdomsskule, kulturskule, vaksenopplæring, vidaregåande skule, symjebasseng, idrettshall og 2 kyrkjer. Helse- og omsorgstenestene er godt utbygde, m.a. med sjukeheim, omsorgsbustader for ulike grupper brukarar og heimetenester.

Næringsliv
Kommunen har marine næringar og turisme som satsingsområde innanfor næringslivet, og dei største arbeidsplassane finst innanfor fiske og bearbeiding/eksport av fisk.

Organisasjonsliv – kultur
Eit særskilt kjenneteikn ved sundsokningane er engasjement og ansvarskjensle.
Her forventar ein ikkje at kommunen skal ”fiksa alt”, men tek gjerne sjølv eit tak for å utvikla gode lokalmiljø. Det fins eit rikt organisasjonsliv innanfor idrett, sang og musikk, kultur, ungdomslag og andre frivillige lag og organisasjonar. Den tradisjonelle kystkulturen står sterkt i kommunen, men også nyare kulturopplevingar, som t.d. Periferifestivalen på Glesnes, har funne sin plass her. I Telavåg ligg Nordsjøfartmuseet, som fortel krigshistoria om Telavåg og nordsjøfarten. Det er lagt ned eit stort frivillig arbeid med å leggja til rette turløyper i kommunen, m.a. Nordsjøløypa frå Glesvær til Telavåg.

Les mer på om kommunen på www.sund.kommune.no