Subsea-eventyret er hovudtema på Tinget i Vest

Det unike subsea-miljøet i Hjeltefjordbassenget er hovudtema på Tinget i Vest på Horsøy på Askøy måndag 7. april.

OneSubsea på Horsøy

Visepresident Jens Steine presenterer OneSubsea på Horsøy, medan kommunikasjons- og merkevaresjef Heidi Skålevik har Subsea-eventyret i Hjeltefjordbassenget som tema.

På tinget vert det også presentasjon av Statoil sin komande forsyningsbasestruktur ved Arne Franck-Nielsen og Benedikte Henriksen og ein kort presentasjon av bedriften Trigger.

Eit panel samansett av ordførarane frå regionen, One Subsea, NCE Subsea og Statoil samtalar om korleis den regionale subsea-klynga kan veksa seg endå sterkare saman.

Tinget i Vest er samansett av formannskapa i dei fire kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Det er to slike samlingar i året; eitt om våren og eitt om hausten.

publisert 01.04.2014