Styret ønskjer felleskontor

Styret i regionrådet gjekk i dag (3. desember) inn for at det vert etablert eit felleskontor på Askøy for oppfølging av fosterheimsplasserte barn i region vest.

Frå styremøtet i regionrådet i dag. Frå venstre: Ordførar i Fjell, Eli Årdal Berland, styreleiar Ove Trellevik (ordførar i Sund), ordførar i Askøy, Siv Høgtun, sekretær Per Hille-stad og rådmann i Fjell, Steinar Nesse.

Saka går vidare til endeleg behandling i kommunestyret i dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Det er føreslått at kontoret vert etablert som ei vertskommuneløysing med oppstart 1. august 2013. Denne saka er ei oppfølging av prosjektet «Betre saman for barna».

Eit regionalt felleskontor for dei fire kommunane vil få ansvaret for om lag 100 barn under omsorg og nokre andre oppgåver. Ei kartlegging av ressursbruk til oppfølging av fosterheimsplasserte barn og tilsyn, syner at det i dag vert brukt om lag 9,5 årsverk til dette arbeidet. I saksutgreiinga går det fram at det kan synast rimeleg at talet på årsverk vert auka til 13 årsverk.

I det vidare arbeidet med saka ber styret om at bemanninga vert noko lågare enn det som går fram av saksutgreiinga og at tiltaket vert fullfinansiert. Meirkostnadene med tiltaket kan finansierast gjennom øyremerkte midlar i statsbudsjettet for 2013. Drifta av kontoret og kvaliteten på tenestene skal evaluerast hausten 2015.

Funksjonar som er tenkt lagt til felleskontoret er saksbehandling, rettleiing og oppfølging av fosterheimsplasserte barn og fosterheimar, rekruttering av fosterheimar og tilsynsførarar og adopsjonssaker.

Samarbeid om barnevernsvakt

Styret går inn for at dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden, etablerer eit utvida samarbeid som sikrar barnevernsvakt alle dagar heile året. I dag har desse kommunane barnevernsvakt i helgane og høgtidene basert på ein avtale med Bergen kommune. I innstillinga til kommunestyra i dei kommunane i region vest vert det no føreslått å etablera eit vaktordning på kveldstid/nattid (bakvakt) på kvardagar (måndag-fredag).

Meirutgiftene på det utvida samarbeidet om felles barnevernsvakt vert om lag 700 tusen kroner i året. Dette er føreslått finansiert gjennom øyremerkte styrkingsmidlar for barnevernet i statsbudsjettet for 2013. Ordninga er tenkt som ei prøveordning for 2013. Det vert føreslått at ei permanent barnevaktsordning skal utgreiast med tanke på etablerting frå og med 2014.

Samarbeid om strandsone og næringsareal

Dei fire kommunane i region vest har den seinare tida drøfta grunnlaget for konkret plansamarbeid. Dette er gjort i tidlegare styremøte og i Tinget i vest i september i år. Fylkeskommunen har gjeve signal om at region vest kan verta eit pilot inn mot fylkeskommunen sit planarbeid. Gjennom eit regionalt plansamarbeid i regionen og samarbeidet som fylkeskommunen inviterer til, kan kommunane få sterkare innverknad på overordna regionale planar og samstundes få utført kartlegging og plandokument som er det er behov for å få på plass.

Styret går inn for at regionen prioriterer kartlegging av strandsona, medan arbeidet med kommunedelplan vert vurdert seinare. Det vert vidare føreslått at regionen skal utarbeida felles kommunedelplan for næringsareal i samarbeid med fylkeskommunen, BRB , Fylkesmannen og eventuelt andre aktørar. Rammer, organisering og finansiering vert utgreidd nærare og endeleg sak vert lagt fram i neste styremøte i regionrådet. Det vert lagt opp til at regionrådet orienterer politikarane i kommunane om dette arbeidet før det kjem ei sak til politisk behandling. 

Kyrkjeverjene i region vest orienterte om ny kyrkjeordning. Frå venstre: Annlaug Annlaug Børve (Fjell), Beate Husa (Sund), Olav Martin Vik (Øygarden) og Geir Viksund (Askøy).

Kommunesamanslåing/kommunesamarbeid

På sakskartet var kommunesamanslåing sett opp som drøftingstema. Det var semje i styret om at regionrådet tek initiativ til å invitera kommunane i regionen til å ta del i eit «moglegheitsstudium»/utgreiing av ulike modellar for kommunestruktur med fordelar og ulemper.

Fylkesmannen har sett til side 25 millionar kroner av skjønsmidlane der det meste er tenkt å tå til omstillings- og fornyingsprosjekt. Eitt av åtte tema er kommunal organisering der det mellom anna vert invitert til å søkja om pengar til utgreiing om kommunestruktur når interkommunale samarbeid skal samanliknast med kommunesamanslåing. Søknadsfristen er i februar, og det vert difor lagt opp til at styret i regionrådet kan ta stilling til eit forslag om søknad i eit møte i januar.

Krisesenter

I dag kjøper fleire kommunar i vest tenester frå Krisesenter for kvinner i Bergen. Kommunane har vurdert alternative løysingar. Styret er opptekne av tilbodet for krisesenter for kommunane i vest og ber rådmenne å sjå nærare på tilbod og samstundes vurdera alternative løysingar.

Orienteringar

Prost og kyrkjeverjer frå dei fire kommunane orienterte om ny kyrkjeordning etter 2013. Ei mogleg endring er at fellesrådområda vert endra til regionale råd som dekkjer fleire kommunar, gjerne tilsvarande prostiet slik ein organiserer det i dag. I dag er det bispedømerådet som er arbeidsgjevar til prestane, medan fellesråda er arbeidsgjevar for dei andre tilsette i kyrkja. Dette kan verta endra i framtida. Styret i regionrådet understreka det gode samarbeidet med kyrkja, og gav positive signal om eventuelle endringar i organiseringa av fellesråda.

Vegkontoret og fylkeskommunen orienterte om vegprosjekt. Frå venstre: avdelingsdirektør Olav Finne og Thorbjørn Aarethun.

Statens vegvesen ved avdelingsdirektør Olav Finne og seksjonsleiar i Hordaland fylkeskommune, Thorbjørn Aarethun orienterte om aktuelle vegsaker som Sotrasambandet og vegsamband nord/sør på Sotra. Statens vegvesen og fylkeskommunen tar til orde for at regionen må verta samde om kva prosjekt og tiltak som skal inkluderast i ein bompengepakke

Dagleg leiar i HOG Energi, Ove Lunde, informerte om organisasjonen sitt arbeid. Visjonen for HOG Energi er at Hordaland skal vera ein leiande energiregion i Europa. Organisasjonen prioriterer olje og gass, fornybar energi, miljøteknologi og kompetanse- og konkurranseevne. HOG Energi skal utarbeida eit notat til regionrådet om strategi knytt til infrastruktur og kommunikasjon.

Redaktør i Radio Sotra, Rolf Øvretveit, orienterte om eit informasjonstiltak der det er tenkt montert fleire videokamera langs riksveg 555. Via datamaskin og mobiltelefon kan ein få informasjon om korleis trafikksituasjonen langs riksvegen er til ei kvar tid. Førebels kostnadsramme er 100 tusen kroner. Det er føreslått at tiltaket vert finansiert av næringslivet og kommunane.

Andre orienteringar

– 1) Interkommunale heilskaplege ROS-analysar, 2) stemmerettsjubileum og  3) kulturminnevern.

Tekst: Vigleik Brekke

publisert 03.12.2012