Styremøte i regionrådet: Reiseliv og kystsoneplan

Det handlar mellom anna om reiselivssatsing og kystsoneplan når styret i Regionrådet Vest er samla til møte i Fjell måndag den 13. juni.

Møtet vert halde på Fjell rådhus.

Møtet vert halde på Fjell rådhus.

Gode Sirklar deltek på møtet og presenterer den nye forretningsmodellen til «Bergen nye reiselivslag».  Det vert også presentasjon av korleis reiselivssatsing vert organisert i regionen.

På møtet i regionrådet vert det også teke opp korleis ein kan setja i gang eit samarbeidsprosjekt i regionen med sikte på å få på plass ei heilskapleg forvaltning av sjøareala. Gode Sirklar vil presentera tankar om dette.

På sakskartet står også gjennomgang av retningslinjer og vedtekter for Regionrådet Vest.

Styremøtet som var tillyst den 2. mai måtte avlysast. Sakslista til møtet den 13. juni er på det næraste identisk med sakslista frå møtet som gjekk ut. Møtet tek til klokka 09.00.

Les innkalling med saksdokument her.

publisert 08.06.2016