Styremøte i regionrådet: Reiseliv og kystsoneplan

Det handlar mellom anna om reiselivssatsing og kystsoneplan når styret i Regionrådet Vest er samla til møte i Sund måndag 2. mai.

Møtet vert halde på kommunehuset i Sund.

Møtet vert halde på kommunehuset i Sund.

Gode Sirklar deltek på møtet og presenterer den nye forretningsmodellen til «Bergen nye reiselivslag».  Det vert også presentasjon av korleis reiselivssatsing vert organisert i regionen.

På møtet i regionrådet vert det også teke opp korleis ein kan setja i gang eit samarbeidsprosjekt i regionen med sikte på å få på plass ei heilskapleg forvaltning av sjøareala. Gode Sirklar vil presentera tankar om dette.

På sakskartet står også gjennomgang av retningslinjer og vedtekter for Regionrådet Vest.

Les innkalling med saksdokument her.

publisert 28.04.2016