Styremøte i regionrådet 4. juni

Styret i Regionrådet Vest skal på møtet 4. juni på Askøy mellom anna drøfta næringssamarbeid i regionen. Næringssjef i Askøy, Bård Sandal og rådgjevar Vidar Totland i Business Region Bergen (BRB) skal gje ein statusrapport om prosjektarbeidet med felles næringsplansamarbeid.

 Andre saker på styremøtet i Regionrådet Vest 4. juni

  • Sjølvbyggjarprosjekt
  • Status for prosjektet «Betre saman for barna»
  • Status for samarbeidsprosjekt om plan og byggjesak
  • Vurdering av vedtektene for regionrådet
  • Regional transportplan
  • Førebuing til «Tinget i Vest» i Øygarden i september

Om kort tid vert møteinnkalling med saksdokument lagt ut på heimesida til regionrådet under «Møte».

publisert 30.05.2012