Strategisk næringsplan for Region Vest-kommunane

Kommunane i Regionrådet Vest har starta eit samarbeidsprosjekt som skal utarbeide ein felles Strategisk næringsplan (SNP). Ambisjonen med prosjektet er at planen skal bidra til å skape meir

Olav Martin Vik

næringsutvikling i regionen, mellom anna ved oppfølging av vedtekne målsetjingar i SNP 2010 – 2014 for Bergensregionen.

Torsdag 16. juni vart det gjennomført eit konstituerande arbeidsmøte i Rådhuset på Kleppestø, der dei fleste medlemane i styringsgruppa var samla. Styringsgruppa har 14 medlemer som alle er nøkkelpersonar innan næringsliv, kunnskapsmiljø og offentleg styring i Bergensregionen. Det var leiar for Regionrådet Vest og ordførar i Øygarden kommune Olav Martin Vik som ønskte velkommen til første møtet i styringsgruppa for region vest-prosjektet om felles Strategisk regional næringsplan.

Målet med møtet var å informere om mandatet til prosjektet, ambisjonane til arbeidsgruppa og status for gjeldande SNP 2010 – 2014 for Bergensregionen. Deltakarane fekk også presentert grunnlaget for prioriteringane som Business Region Bergen har lagt i sitt dokument. Direktør i Business Region Bergen, Asbjørn

Asbjørn Algrøy

Algrøy, orienterte om BRB generelt og målsetjingar, tiltak og prioriteringar i SNP for Bergensregionen spesielt.

Etter ein kort presentasjon av medlemane i styringsgruppa og orienteringane frå vertskapet, vart møtet utfordra til idémyldring for å få fram idear om store felles tiltak som bør vere med i den nye planen. Dagleg leiar i Gode Sirklar AS, Sigmund Kvernes, fortalte om arbeidsgruppa sine ambisjonar med prosjektet.

Arbeidsgruppa vert leia av Sigmund Kvernes, dagleg leiar for Gode Sirklar AS. Dei andre medlemene i arbeidsgruppa er Bård Sandal, næringssjef i Askøy, Vidar

Sigmund Kvernes

Totland, næringspolitisk leiar i Business Region Bergen (BRB) og Per Aarsand, dagleg leiar i Vest Næringsråd.

Tekst og foto: Øyvind Haugland, Askøy kommune

publisert 19.06.2011