Støtte til regionalt filmprosjekt

Kulturskulane i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden har motteke 50 tusen kroner i støtte til prosjektet «Ung film i Vest».

ScreenShot132

 

 

Det er Norsk kulturskuleråd som har tildelt midlane. Formålet med prosjektet er å engasjera og utfordra ungdom til å uttrykkja seg kunstnarleg gjennom film.

Rektor på Fjell kulturskule, Bjørn Andersen, seier at det vert gjeve tilbod om kurs i filmskaping i alle dei fire kommunane for ungdomsskulesteget.

– Etter at kursa er gjennomførte, vert nokre elevar frå alle kommunane plukka ut til fullføra prosjektet ved å produsera ein kortfilm på to til fire minutt. Filmen vert vist fram i samband med opninga av Sotra kino våren 2015, seier Bjørn Andersen.

 

Les meir om kulturskuletilbodet i kommununane her:

Askøy kulturskule

Fjell kulturskule

Sund kulturskule

Øygarden kulturskule

 

Tekst: Vigleik Brekke

 

 

 

 

publisert 26.06.2014