Støttar moglegheitsstudie for oppdrettsnæringa

Oppdrettsselskapa i regionen helsar ei moglegheitsstudie for oppdrettsnæringa velkomen. Det kom klart fram då Regionrådet Vest inviterte oppdrettsselskapa i Sund, Fjell og Øygarden til felles møte på måndag for å drøfta utfordringane med at våre tre kommunar er ein del av to produksjonsområde som ligg i raud sone.

Arnt-Ivar Kverndal, SINTEF, talte vart for å laga moglegheitsstudie for oppdrettsnærin ga.

Arnt-Ivar Kverndal, SINTEF, talte varmt for å laga moglegheitsstudie for oppdrettsnæringa.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nærings- og fiskeridepartementet har innført eit såkalla «trafikklys-system» der kysten er delt inn i 13 produksjonsområde som er farga med grøne, gule og raude lys, alt etter kor store konsekvensar næringa har på miljøet. Ettersom region vest ligg i raud sone, vil det få konsekvensar for omfanget for framtidig produksjon etter 2019.

Dei tre oppdrettsselskapa som var til stades på møtet i dag, Lerøy Sjøtroll, Telavåg Fiskeoppdrett og Marine Harvest, støtta fullt opp om at det vert gjennomført ein moglegheitsstudie som kan verta eit bidrag til å koma ut av raud sone.

I samarbeid med SINTEF har Gode Sirklar utarbeidd skisse til ei moglegheitsstudie. Kostnaden med ein slik studie vil liggja på mellom 500 tusen kroner og eín million kroner. Planen er at arbeidet kan starta opp i august 2018 og vera sluttført i februar 2019.

– Oppdraget er to-delt. Vi må finna ut kva som er no-situasjonen, og for det andre må vi finna ut kva potensiale vi har med ulike scenario. Vårt forslag er at vi kjøper inn ekstern kompetanse for å gjennomføra moglegheitsstudien, sa seniorrådgjevar Arnt- Ivar Kverndal. Det er lagt opp til samarbeid med oppdrettsnæringa, men for å sikra at studien vert objektivt, føreslår Kverndal at næringa sjølv ikkje er med på finansieringssida.

Svein Arve Forland.

Svein Arve Forland.

Viktig næring for regionen

Sund, Fjell og Øygarden har fem oppdrettsaktørar med totalt 17 lokalitetar. I 2015 var det registrert 418 årsverk i næringa, og legg ein til ringverknader, representerer næringa vel tusen årsverk. Den vanlege driftsforma er landbasert smoltproduksjon og opne merdar. Ifølgje Kverndal er lussituasjonen i regionen for tida god, men dette kan endra seg.

Nils-Arve Eidsheim og Leon Dale frå Lerøy Sjøtroll, Svein Arve Forland frå Telavåg Fiskeoppdrett og Ingrid Lundamo frå Marine Harvest orienterte om korleis dei opplevde situasjonen for næringa. Næringa ønskjer å redusera tida oppdrettsfisken er i sjøen for dermed å redusera eksponeringa for lus. Representantane ønskjer samarbeid med styresmaktene for å sikra at produksjonen kan oppretthaldast, og at det vert laga gode arealplanar slik at ein slepp å søkja om dispensasjon. Næringa ser for ei framtid med varierte driftsformer, særleg gjeld dette sør i landet. Det vert lagt til rette for både lokalitetar som er eksponerte og skjerma lokalitetar.

Nestleiar i utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland fylkeskommune, Kjell Haaland (Ap) sa at fylket «heiar på dette». Han oppmoda aktørane om å ha eit tett samspel med kunnskapsmiljøa.

– Fylket ønskjer denne næringa vel. Vi treng ei næring som er berekraftig, sa Haaland. Fylket var også representert ved seniorrådgjevarane, Siri Hanson og Endre Korsøen frå regionalavdelinga.

Frå møtet på måndag.

Frå møtet på måndag.

Felles sak til behandling i kommunane

Leiar i Regionrådet Vest, Kari-Anne Landro, viste til intensjonsavtalen som seier at den nye kommunen skal vera eit regionalt og nasjonalt fyrtårn innan teknologi, energi og marine næringar. Ho understreka også kor viktig det er at næringa har varierte produksjonstypar.

Det vert no utarbeidd ei sak om moglegheitsstudien som går til behandling i dei tre kommunane. Det er aktuelt å nytta inntekter frå havbruksfondet for å finansiera studien.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 04.06.2018