Størst folkevekst på kysten

I perioden 2016 til 2040 er det forventa størst folkevekst på kysten. Det går fram av «Hordaland i tal» produsert av Hordaland fylkeskommune.

Skjermbilde

Ved inngangen til 2016 budde det 516 497 personar i Hordaland. Folketalet auka med eín prosent det siste året. Dette er ein litt svarkare vekst enn åra før, men høgare enn for landet samla.

I perioden 2016-2040 er det forventa ein folketalsauke på 66-67 prosent i Os og Meland, medan kommunane Fjell, Austevoll, Øygarden og Jondal forventar ein auke på over 50 prosent for denne perioden.  I 2040 er folketalet for Fjell, Sund og Øygarden (nye Øygarden kommune) rekna til om lag 56 600.

Fram mot 2040 vil det vera behov for over 85 tusen fleire bustader i Hordaland enn det er i dag. I vest (Fjell, Sund, Øygarden og Askøy) er det behov for 14 tusen nye bustader.

Les meir på nettsida til Hordaland fylkeskommune.

Her kan du lesa rapporten «Hordaland i tal – folketal og demografi».

Tekst. Vigleik Brekke

publisert 01.07.2016