Stor interesse for konferansen «Betre saman for barna»

«Alle» vil vera med på konferansen «Betre saman for barna» på Sandsli 24. og 25. september. Prosjektleiar Torgeir Sæter opplyser at 160 personar har meldt seg på til konferansen, og alle påmeldte har fått plass. Tema for konferansen er «Hvordan kan vi samme løse morgendagens utfordringer for barn og unge?»

Stig Åkenes Johnsen

– Med denne konferansen ønskjer vi å gjera  prosjektet «Betre saman for barna» betre kjent og ta eit steg vidare. Vi ønskjer å gje kunnskap og påfyll om tidleg og samordna innsats, seier Torgeir Sæter.

Advokat og medlem i utvalet for NOU-rapporten «Det biologiske prinsipp», Stig Åkenes Johnsen, skal snakka om inngrepstersklar i barnevernet og forholdet mellom barnevernlov og barnelov. Foredraget vil også omhandla teieplikta og utfordringar for tverrfagleg samarbeid.

Dr. philos Magne Mæhle frå Regionalt kunnskapssenter for barn og unge har fått temaet «Utviklingspsykologiske perspektiv på omsorg og oppvekstvilkår». Andre førelesarar er fylkesnemndleiar Kirsti Strømstad og Anne Jensen frå KS. Den første dagen vert runda av med at professor Frank Aarebrot skal snakka om vern av barn og unge i eit samfunnsperspektiv. Mesteparten av tida på den andre konferansedagen går til arbeid i grupper.

– Vi håpar at denne konferansen kan hjelpa til at medarbeidarane i kommunane vert kjente med kvarandre og at det regionale samarbeidet vert styrka, seier Torgeir Sæter.

Les meir om prosjektet her.

publisert 20.09.2012