Sterkt engasjement på Tinget i Vest

Politikar og styremedlem i KS, Harry Herstad, fekk både ris og ros då han på Tinget i Vest i Fjell i dag snakka om KS si rolle i kommunereformarbeidet.

IMGP7166
Det var ordførar i Fjell, Eli Årdal Berland, som helsa Tinget i Vest velkomen. Tinget er samansett av formannskapa i dei fire kommunane i regionen; Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

– Eg syns vi har fått til eit godt program i dag. Vi er alle forplikta til å gjennomføra ei utgreiing om kommunereforma, sa Årdal Berland til dei frammøtte på tinget.

I sitt innlegg var Harry Herstad (bilete) oppteken av kva konsekvensar kommunereforma får for lokaldemokratiet.

– Eg ser ikkje noko i denne reforma som sikrar lokaldemokratiet. Kommunereforma seier mykje om anna enn lokaldemokratiet. Vi står i eit dilemma mellom blind lojalitet til «Partiet» eller omtanke for innbyggjarane og fedrelandet. Vi må tillata oss å vera skeptiske, sa Herstad.

Eli Årdal Berland

Eli Årdal Berland

Herstad var kritisk til den sterke rolla til Fylkesmannen har, og han meinte Fylkesmannen truar med konsekvensane for dei kommunane som ikkje vert med på den vedtekne prosessen. Han meinte at KS ikkje i tilstrekkeleg grad vart rekna med i arbeidet med kommunereforma og at KS måtte be om å få vera med i prosessen.

Store konsekvensar

Harry Herstad ( i midten) i samtale med Rannveig Frøiland (Fjell) og ordførar i Øygarden, Otto Harkestad.

Harry Herstad ( i midten) i samtale med Rannveig Frøiland (Fjell) og ordførar i Øygarden, Otto Harkestad.

Harry Herstad viste likevel til regjeringa som ønskjer at Fylkesmannen og KS regionalt samarbeider om gjennomføringa av prosessen. Han understreka også at han i utgangspunktet var positiv til kommunereforma, men at ho både kan få sterke forvaltningsmessige og forfatningsmessige konsekvensvar.

– Lokaldemokratiet må styrkast og vi må arbeida for at kommunane får best mogleg rammevilkår. KS må styrkast som politisk og fagleg organisasjon, sa Herstad.

I ordskiftet etter innlegget til Harry Herstad vart det mellom anna stilt spørsmål om han i sitt innlegg gav uttrykk for hans personlege eller KS sitt syn på kommunereforma. Herstad svarte at han han i innlegget sa det han meinte og at han har rett til det som styremedlem i KS.

– Det er ein brei oppfatning om at KS spelar andrefiolin i denne prosessen. Eg er for reforma, og eg er positiv til kommunesamanslåing dersom det vert skapt eit grunnlag for det. Men no må de tenkja sjølv, sa Herstad.

Utfordring for lokaldemokratiet

Harald Baldersheim

Harald Baldersheim

Professor på Universitetet i Oslo, Harald Baldersheim, snakka også mykje om konsekvensane og utfordringa for lokaldemokratiet knytt til kommunereforma.

Han viste til undersøkingar som viser at nordmenn er meir glade i heimstaden sin enn innbyggjarane i dei fleste andre europeiske land og at dette får innverknad på deltakinga i lokaldemokratiet. Innbyggjarane må sikrast god representasjon, dei folkevalde skal arbeida for god styring, medan administrasjonen skal sikra god oppgåveløysing.

– Eit godt demokrati gjev eit godt grunnlag for effektiv oppgåveløysing. Dette styringshjulet fungerer rimeleg bra i dag. Vi må ta vare på det, sa Baldersheim.

Undersøkingar viser at innbyggjarane er rimeleg godt tilfredse med tenestene, men at innbyggjarane i små kommunar (under 5 000 innbyggjarar) er litt meir tilfredse enn i dei store kommunane.

Konsekvensane av kommunereforma kan verta at talet på kommunestyrerepresentantar går frå 11 tusen til fire – fem tusen. Det vil i så fall føra til at talet på innbyggjarar pr. kommunestyrerepresentant aukar frå 455 i dag til tusen innbyggjarar etter at kommunereforma er fullført.

– For å unngå underskot på lokaldemokrati, kan ein oppretta distriktsombod, kommunedelsutval eller vri partistøtte mot lokaldifferensierte strukturar (velforeiningar o.l.), sa Baldersheim.

Nordhordland er snart klar for forhandlingar

Jon Askeland

Jon Askeland

Leiar i rådet i Region Nordhordland og ordførar i Radøy kommune, Jon Askeland, gav status og prosess med kommunereforma i Nordhordland. Regionen er samansett av ni kommunar (inklusive Gulen i Sogn og Fjordane). Det siste kommunestrukturarbeidet i regionen starta opp med frivillige vedtak i kommunetyra i 2010 om å starta opp ein prosess.

– Med vedtaket i Stortinget no i 2014 er Lindås, Meland og Radøy snart klare til å starta opp med forhandlingar. Dei andre kommunane i regionen er anten motvillige eller avventande til å gå i gang med dette, sa Askeland.

Målet er å få vedteke ei viljeserklæring før jul der ordførar/rådmann får oppdrag med å utarbeida mandat, prosessplan osb. I januar/februar 2015 er målet at kommunestyra sluttar seg til prosessplanen for forhandlingane.

– Det er viktig at avgjerdene er kunnskapsbaserte. Tida for utgreiing er forbi, no handlar det om forhandlingar. Vi tek sikte på å utabeida eit fusjonsdokument som kommunestyra skal ta stilling til. Arbeidet kan organiserast med styringsgruppe, arbeidsgrupper, referansegrupper og god innbyggjarinvolvering, sa Askeland.

Erfaringar i Danmark

Tor Nonnegaad Pedersen

Tor Nonnegaad Pedersen

Konsulent i Implement, Tor Nonnegaard Pedersen, gav innføring i kommunestrukturarbeidet og erfaringa frå dette i Danmark.

Før 2007 var det 277 kommunar og 12 amt i Danmark. Etter reforma var dette endra til 98 kommunar og fem regionar med ei total budsjettramme på 400 milliardar kroner. Gjennomsnittleg storleik på kommunane i Danmark er no 55 tusen innbyggjarar og 440 kvadratkilometer.

Strukturkommisjonen vart sett ned i 2002, og i 2007 var den nye kommunestrukturen på plass. Det vart ikkje gjeve ekstrapengar for å få strukturen på plass,

Resultatet av kommunereforma var at innbyggjarane opplevde meir profesjonelle organisasjonar som kan meir og vågar meir. Ein ulempe er at kommunen i større grad har vorte ei serviceverksemd som innbyggjarane stiller store forventningar til. Politikarane opplevde meir spennande og stort høve til å setja avtrykk på det lokale samfunnet, men det er vorte mindre tid til behandling av enkeltsaker. Det er også vanskeleg å forstå den komplekse økonomien og samanhengane. 98 prosent av alle dei samanslåtte kommunane meiner at den faglege berekrafta og effektiviteten har auka . Ulempa er meir kompleks styring.

– Det var overraskande gode prosessar og mindre maktkampar enn frykta. Men demokratiet vart gløymt, og organisasjonen lever i nokon grad sitt eige liv, sa Nonnegaard Pedersen.

Her er presentasjonane frå Tinget i Vest:
Jon Askeland: Kommunereforma Norhordland 
Harald Baldersheim: Kommunereform og demokrati
Tor Nonnegaard Pedersen: Erfaringar frå kommunereform i Danmark
Harry Herstad: KS si rolle i kommunereformarbeidet

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 27.10.2014