Sterk nyetablering i region vest

Dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden, tronar øvst på NHO sitt NæringsNM over nyetableringar.

Kollsnes gassanlegg

Like før nyttår vart oversynet over næringsutviklinga i fylke, regionar og kommunar for 2012 presentert. Rapporten viser at region vest er ein vekstregion. Det er Telemarkforsking som har utarbeidd rapporten. I rapporten er ulike tema som lønsemd, vekst og nyetablering teke med.

Askøy kommune er på ein sterk fjerdeplass på kommunelista når det gjeld nyetableringar og hjelper godt til på statistikken for region vest (kalla Hordaland vest i rapporten). Austevoll kommune toppar kommunelista over nyetableringar.

Fjell kommune ligg på ein 10. plass samanlagt i NæringsNM for dei 10 siste åra. På denne lista er det berre Lindås i Hordaland på niande plass som ligg framfor Fjell.

Her kan du lesa heile rapporten.

Tekst: Vigleik Brekke, foto: Øygarden kommune

publisert 02.01.2013