Statsetane møtte kommunane

Statsbudsjettet, samhandling og samfunnstryggleik var nokre av dei tema Fylkesmannen hadde invitert hordalandskommunane til i slutten av sist veke. Dette er ein arena der den politiske leiinga og rådmennene møter Fylkesmannen og andre statsorgan.

Administrerande direktør Stener Kvinnsland gav status for samhandlingsreforma. Helse Bergen har inngått avtale med kommunane i helseføretaket sitt inntaktsområde.

Fylkesmann Lars Sponheim

– Samhandlingsreforma er ei forsterking av tenestetilbodet i kommune. Poenget er ikkje å flytta korridorpasientar til sjukeheimane.  Kommunane skal medfinansiera spesialisttenesta, men dette er underfinansiert for 2012, sa Kvinnsland. 

Kvinnsland sa at det er god samhandling med Bergen kommune og viste mellom anna til at Bergen legevakt avlastar sjukehuset på ein svært god måte.

– Utfordringane framover er å få utvikla elektroniske løysingar og kompetansbygging i kommunane. Formaliserte og omfattande avtalar skal ivareta dynamiske prosessar i 22 kommunar og fem sjukehus, sa Kvinnsland.

Ordførar i Meland, Nils Marton Aadland og radøyordførar Jon Askeland gav erfaringar med samhandlingsreforma i kommunar sine.

Samfunnstryggleik etter 22/7

Professor på Universitetet i Bergen, Per Lægreid, snakka om samfunnstryggleik og beredskap i lys av 22. kommisjonen sin rapport. Han stilte spørsmål om lærdomane etter terrorangrepa i Oslo og på Utøya er eit kultur- eller organisasjonsproblem.

Ifølgje Lægreid har kommisjonen hatt lite fokus på spørsmål om organisering av samfunnstryggleik og beredskap og meinte det i større grad handlar om eit organisasjonsproblem enn eit kulturproblem. Han stilte også spørsmål om mål og resultatstyring er eit godt prinsipp å styra etter.

– Det same gjeld den overdrivne sterke trua på sterk leiing. Og for stor tru på planar kan gje falsk tryggleik, sa Lægreid.

Fylkesmann Lars Sponheim sa at den største utfordringa i vårt fylke er naturbaserte hendingar.

– Vi er i grunnen beredskapsfylket framfor noko, sa Sponheim. 

Han viste til at det er sett av ekstramidlar i statsbudsjettet til beredskapsøvingar og oppmoda kommunane til å prioritera dette arbeidet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 15.10.2012