Startskot for Vekstlandet

Med partileiar i Høgre, Erna Solberg, i spissen kunne Business Region Bergen (BRB) i går markera starten av det BRB kallar den største rekrutteringskampanjen i Norge nokonsinne. Vekstlandet-kampanjen går over tre år, og det første året (2013) handlar om rekruttering.

Erna Solberg

Kampanjen i regi av BRB vert for alvor sparka i gang i januar 2013. Næringsaktørane vert inviterte til å vera med som hovudpartnar eller å delta med støttepakkar i kampanjen.

– Dette er eit fantastisk initiativ. Bergensregionen er ein av dei sterkaste regionane i landet, og denne regionen har kompetanse og kunnskap på utruleg mange område, sa Erna Solberg til dei 200 frammøtte i Grand Selskapslokaler i går ettermiddag.

Treng kompetent arbeidskraft

Administrerande direktør i Bergen Næringsråd, Marit Warncke, viste til ei undersøking blant næringslivsaktørane der to tredelar av respondentane meinte av kompetent arbeidskraft er det viktigaste tiltaket for å styrka konkurranseevna.

– 60 prosent meiner at rekruttering av arbeidskraft er det største utfordringa fram mot 2030. Det er ein sterk konkurranse om «dei gode hovuda», sa Warncke.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen understreka at det er tverrpolitisk støtte til kampanjen Vekstlandet.

– Vi skal fortelja andre at denne regionen er ein fantastisk stad å vera og at vi ønskjer deira kompetanse. I Bergen og på Ågotnes skrik dei etter ingeniørar. 32 tusen stillingar skal fyllast i 2013, sa Nilsen.

800 kandidatar

Målet med kampanjen i 2013 er å nå ut breitt til fagarbeidarar og høgt utdanna i aldersgruppa 23 til 35 år med bodskapen om at nokre av de beste jobb- og livsmuligheitene ligg i bergensregionen.

– I april 2013 fyller vi fly med 800 kandidatar frå hele landet og hentar dei til bergensregionen. Her møter dei potensielle nye arbeidsgjevarar og får sjå kva regionen har å by på, seier administrerande direktør i BRB, Asbjørn Algrøy.

På kampanjestarten i går sa byråd i Bergen og styreleiar i BRB, Gunnar Bakke at kampanjen er godt forankra og at det er ein samla region som står bak dette tiltaket.

Alle dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden, er eigar i BRB.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 27.11.2012