Startskot for nye MOT-ungdomar

Torsdag 22. januar var det startskot for 62 nye Ungdom med MOT (UMM) i kultursalen i Fjell rådhus. Nytt av året er at dette er ei fellessamling for UMM i Fjell, Sund og Øygarden.

62 Ungdom med MOT var samla til opplæring denne veka.

62 Ungdom med MOT var samla til opplæring denne veka.

Både nye (9. klasse) og gamle UMM (10. klasse) arbeidde saman i grupper med oppgåver for å skildra kva som er ein god rollemodell og kva ein god rollemodell skal gjera.

I går var tre signalberarar med og sette sitt preg på opplæringa og startskotet for MOT-arbeidet for sesongen 2015/2016. Jonas Blomberg og Ingrid Gundersen går på allmenn vidaregåande skule i Bergen. Stine Rå går på ein vidaregåande skule i Nordhordland. Dei deltok på MOT Camp i Trondheim i haustferien og fekk bygd opp kompetanse der.

– Vi fekk mykje igjen for å vera med på samlinga i Trondheim. Der fekk vi mellom anna kunnskap om vi passar som leiar, seier dei tre.

Dei fekk eit godt inntrykk av dei nye Ungdom med MOT som var samla til opplæring i går.

– Det virkar som dei rette haldningane er på plass, seier dei.

Gruppearbeid

Gruppearbeid

Stor ungdomsfestival i oktober

På samlinga i går vart det brukt ein del tid på å planleggja ein stor festival for Fjell, Sund og Øygarden i Sotra Arena 16. – 18. oktober. Sparebanken Vest har sponsa arrangementet med 250 tusen kroner.

Ettersom det nor er felles opplæring av UMM, var MOT-koordinatorane/informatørane Øyvind Solsvik, Arne Gunnar Solsvik frå Øygarden, Vibeke Berge frå Sund og Ivar Einarsen og Vigdis Taranger på plass i kultursalen i går.

– Dette er ein ungdomsfestival for og med ungdom. I dag hadde vi ei flott idémyldring om kva dette skal verta, seier MOT-informatør Vigdis Taranger.

«Ungdom med MOT» skal mellom anna sikra ein god overgang frå barneskulen til ungdomsskulen. Ungdomane vil også ha ein fadderfunksjon for dei nye elevane og reiser rundt til barneskulane for å hjelpa til med å gjera overgangen frå barneskulen til ungdomsskulen enklare.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland

publisert 23.01.2015