Størst folkevekst i vest

Folketalet vil auka mest i region vest i Hordaland fram mot 2030.

Det er venta stor vekst i kommunane vest for Bergen. Biletet viser Storebotn-området på Askøy.

Det går fram av ein fersk befolkningsprognose frå Hordaland fylkeskommune. I 2030 vil det bu 657 tusen personar i fylket. Dette utgjer ein vekst på gjennomsnittleg 1,5 prosent pr. år. I region vest (Askøy, Fjell, Sund og Øygarden) vil veksten liggja på om lag fem prosent i året, går det fram av eit oppslag på nettsida til fylkeskommunen.

Det vert stadig fleire eldre innbyggjarar, og gjennomsnittsalderen er venta å auka frå 38,5 år i dag til 39,7 år i 2030. Arbeidsstyrken vil auka frå 264 til 335 tusen, medan arbeidsstyrken i prosent av folketalet vil gått litt ned.

Les meir her.

Tekst: Vigleik Brekke, foto: Askøy kommune

publisert 30.01.2014