Sponheim kjem til Tinget i vest

Fylkesmann Lars Sponheim er blant gjestene på Tinget i Vest i Sund måndag 27. april. Hovudtema for tinget er «Kompetanseheving om kommunereforma «Robuste kommunar for framtida».

Fylkesmann Lars Sponheim

Fylkesmann Lars Sponheim

Tinget i vest, som er samansett av formannskapa i dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden, har slike samlingar to gonger i året. Fylkesmann Lars Sponheim skal informera om Oppgåvemeldinga : Meir makt til kommunane. Den 20. mars presenterte regjeringa stortingsmeldinga om oppgåvefordelinga om oppgåver som skal flyttast til kommunane.

Ordførar i Vindafjord Ole Johan Vierdal skal snakka om kommunikasjon; dialog og forhandlingar i ein samanslåingsprosess. Vindafjord kommune er samansett av tidlegare Vindafjord kommune og Ølen kommune. Prosessen fram til den samanslåinga skjedde i to fasar der Ølen kommune melde overgang frå Hordaland til Rogaland fylke før arbeidet med kommunesamanslåing tok til.

På Tinget i Vest vert det også presentasjon av «Interkommunalt arkiv Hordaland».

Møtet vert halde på Nordsjøfartsmuseet i Telavåg og tek til klokka 10.00.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 22.04.2015